Nyleg kom eg over nokre bilete frå 1800-talet. Ut ifrå familielikskap meiner eg å ha funne min tipp-tipp-tipp-oldefar Peder Johansen (f. Berrig) Støring. Peder vart fødd i 1801 i Stjørdal og vart teken med same året til Skogn Markabygd til den nye garden åt foreldra Johan og Dordi. Han døydde fyrst i 1893.
Når det ikkje lenger finst folk i slekta mi som gjeva meg svar på dette, tenkte eg med meg sjølv at det da kanskje finst nokre slektningar i Stjørdal som sit på same biletet. Saka er at det står korkje namn eller dato på biletet. Får eg stadfesta dette sit eg på bilete av sju generasjonar på farssida mi.
Kjenner de att nokre av desse andleta? På forhand mange takk.

Mvh
Ragnar