Lokale namneformer

Moderator: MOD_Telemark

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Lokale namneformer

Legg inn av dn07176 » 13. desember 2015 kl. 13.30

Eg sitt og skriv litt om slekt i Nissedal (oldemor var frå Sandvik ved Håtveit), og lurer litt på dette med namneformer. Når skrivemåten i dei gamle kjeldene kan variere såpass mykje foretrekk eg å legge inn ein "normert" variant i tillegg til avskrift frå originalen, slik at det blir lettare å søke.

No skriv ulike bygdabøker namn på ulike former, og eg er i tvil om kva eg bør bruke. Er det nokon med godt kjennskap til lokal uttale som har synspunkt på dette? Eg ønskjer i størt mogleg grad å legge meg opp mot form i lokal uttale.

Dette gjeld t.d. namna
Tallef, Tellef, Tollef, Tollefv, Talleiv, Telleiv, Tolof
Targje, Tarje, Targei, Tarjei
Gunder, Gunnar
Paal, Paul
Ole, Oluf, Olav
Hølje, Helge

I tillegg, er det skilnadar mellom lokal uttale i Nissedal i høve til t.d. Kviteseid og Fyresdal?

Svar

Gå tilbake til «Nissedal»