Olea Andersdatter Rolstadlien

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 27. mai 2015 kl. 11.45

Eg har spurt etter Olea før, men utan å få svar. Eg prøver igjen.

Olea (Olia) Andersdtr. Rolstadlien født 1840 - kor vart det av henne? Eg finn ho korkje i folketellinga frå 1900 eller 1910. Det siste dokumenterte livsteiknet eg har er frå 1875.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 2091004096

Amund utvandra i 1883, Ole dro til Lurøy i Nordland i 1890, John vart far i 1890 og skal ha utvandra. Olea fekk sonen Even i 1877 med Johannes Johannessen (som òg var far til John), og dottera Marit i 1881 med Ole Ingebretsen.

Eg kjenner foreldra til Olea og borna hennar, ho hadde fem, men altså ikkje kor det vart av Olea - det siste livsteiknet kan vera frå 1888, da vart John konfirmert og budde på øvre Rudi (i Rysland).

Det er ikkje kjent at ho utvandra, men det er ikkje kjent kor det elles vart av ho heller - eller borna Even, Ole og Marit - eller John som heilt sikkert dro til Amerika, men som ingen hørte noko meir frå. Sonen som Jon fekk, Anton Berge, vart seinare ein kjent mann i musikk- og kulturlivet på Vinstra og i dalen.

Brukeravatar
Ulf Ruud Simensen
Innlegg: 2362
Registrert: 30. april 2014 kl. 18.50
Sted: TOLVSRØD

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av Ulf Ruud Simensen » 27. mai 2015 kl. 14.11

Hei.
Denne passer ikke helt, men kan kanskje være noe å se nærmere på?
Oline Andersd. Rolstad,født Sør_Fron 1836

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 7083001345

Ulf S

Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 27. mai 2015 kl. 20.05

Nei, dette er nok ei annor ei. Den Oline Andersdatter du foreslår, var gift med bonden på Uppigard Rolstad.

Det er litt rart at Olea (Oliea - Oline?) ikkje finst att i folketellingane frå 1900/1910. Ho kan sjølsagt ha utvandra, men eg har liten kunnskap om kor ein leiter etter folk i USA.

gj00024
Innlegg: 125
Registrert: 16. desember 2004 kl. 8.54
Sted: VIKHAMMER

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av gj00024 » 28. mai 2015 kl. 10.48

Det er ei Olia Anders. frå Sør-Fron som emigrerer 6.11.1891. Alderen er oppgitt til 50 år, så det stemmer rimelig bra. På linjen nedanfor står Even Johns., 14 år. også frå Sør-Fron. Det stemmer med alderen på sonen Even. Reisemålet for begge er Black R Falls

gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=emikra1&gardpostnr=116610&merk=116610#ovre

Trond

gj00024
Innlegg: 125
Registrert: 16. desember 2004 kl. 8.54
Sted: VIKHAMMER

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av gj00024 » 28. mai 2015 kl. 10.57

Og her er ho i skipslista for immigrantar til New York i 1891 (nr. 163)

https://familysearch.org/pal:/MM9.3.1/TH-1-19301-55269-84?cc=1849782

Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 28. mai 2015 kl. 17.05

Så bra! Dette er rett person.
Så hadde ho utvandra likevel. Eg mistenkte det sidan ho ikkje fantes i folketellingane.

Even var ein av sønene hennar. Eg har bladd meg gjennom passasjerlista, men såg ikkje namnet hans - eg ville trudd dei reiste i lag. Har eg oppfatta rett at dei har fyrst har reist med båt til Liverpool, og så vidare derifrå?

Dottera Mathea Hansen var født i 1861, dottera Marit Olsen i 1881. Dei har helst utvandra dei og. Sonen John Johannessen utvandra (i 1891??) , men er ikkje spurt sidan.

gj00024
Innlegg: 125
Registrert: 16. desember 2004 kl. 8.54
Sted: VIKHAMMER

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av gj00024 » 29. mai 2015 kl. 10.04

Her er vel sonen Amund som utvandrar i 1883 (sjølv om det er Nord-Fron) som er oppgitt som heimstad:

gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=70996&merk=70996#ovre

Og i så fall immigrasjon til USA her:

https://familysearch.org/pal:/MM9.3.1/TH-195-306159-1-95

https://familysearch.org/pal:/MM9.3.1/TH-1971-37361-10672-44?cc=2173965

https://familysearch.org/pal:/MM9.3.1/TH-1942-21482-10127-72?cc=1921481

Eg fann ein Amund Johnson i Grant, Nord-Dakota i denne folketellinga frå 1920 med ca. riktig alder og immigrasjonår. (Eg fann han og I 1930 census) Men han bur saman med ei syster, Tonetta, som er 8 år eldre, og det passer ikkje inn...

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MC81-FTT

Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 29. mai 2015 kl. 11.23

Sidan Olea Andersdtr. hadde Black River Falls som reisemål, reknar eg med at ho hadde kjente der. Olea leve fattigsleg heime på Fron, det er vilsamt om ho sjølv kunne finansiere turen over. Så det var nok helst sonen Amund som sende pengar til billett for Olea (og Even - at han ikkje er med på passasjerlista frå Liverpool - kan han ha dødd etter at dei dro frå Christiania?).

Ein annan bror, Ole Erlandsen, er meldt utvandra frå Lurøy i 1891, og truleg var det det året John Johanessen òg utvandra. John var son til Olea. Fattigguten John fekk ein son med ei gardjente, det var difor han måtte dra bort. Slekta etter denne guten har alltid lurt på kor det vart av John. Dei hørte aldri noko meir frå han.

Amund Johnsen hadde inga syster som heitte Tonetta som eg veit om - eit namn eg elles ikkje har møtt på på Fron. Nå er vel Amund Johnsen heller ikkje eit uvanleg namn, så det kan vera ein annan.

gj00024
Innlegg: 125
Registrert: 16. desember 2004 kl. 8.54
Sted: VIKHAMMER

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av gj00024 » 29. mai 2015 kl. 12.10

Det kan vera John som utvandrar her Ii 1889, og det kan vera halvsøstera Marit som reiser saman med han. Ho har riktignok "feil" etternavn, men om ho reiste saman med halvbroren , vart dei nok registrerte på same etternavn.

gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=80498&merk=80498#ovre

Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Re: Olea Andersdatter Rolstadlien

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 29. mai 2015 kl. 13.18

Det er fristande å seie at du har funne dei - men, det er eit men her.

Guten som John vart far til, fødtes 14. januar 1890. John var nett konfirmert (i 1888) og komen i teneste på garden der denne romansa med gardjenta oppstod. Jenta måtte dra frå garden, John måtte dra frå landet.

Reknar eg 9 månader attende frå midten av januar, kjem eg til april -89. Og John utvandra i mai! Da var graviditeten neppe synleg, men forholdet mellom dei kan sjølvsagt likevel ha vore kjent.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal tru! Og det med (halv)syster Marit passer så godt!

Er det nokon å kontakte i Black River Falls for vidare leiting der?

Svar

Gå tilbake til «Nord- og Sør-Fron»