John Mortensen / Gunild Olsdatter fra Sel til Tromsø ?

Moderator: MOD_Oppland

Svar
gj08029
Innlegg: 58
Registrert: 9. november 2008 kl. 10.47
Sted: LYNGSEIDET

John Mortensen / Gunild Olsdatter fra Sel til Tromsø ?

Legg inn av gj08029 » 19. februar 2009 kl. 14.59

John Mortensen og Gunild Olsdatter døper en datter, Elen Anna, i Tromsø 7/12-1836, og det opplyses at foreldrene er fra Gudbrandsdalen. De får også barna Ole Andreas f.25/11-1837 og Johannes f. 27/12-1839.

En John Mortensen (Damen ?), 26 år og Gunild Olsdatter (Daleeid ?), 24 år g. 26.desember 1833 i Vågå(1827-1842 s.90 nr.44), begge fra Sel.

Er dette paret identisk, og evt. deres opphav ???

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: John Mortensen / Gunild Olsdatter fra Sel til Tromsø ?

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 19. februar 2009 kl. 21.44


dn14555
Innlegg: 12
Registrert: 13. juli 2008 kl. 20.29
Sted: VÅGÅ

Re: John Mortensen / Gunild Olsdatter fra Sel til Tromsø ?

Legg inn av dn14555 » 27. februar 2009 kl. 22.51

Dette ligg litt utanfor det området der eg er best kjent, men du får dei opplysningane eg har.

Eg ser at du er litt usikker på korleis namna i kyrkjeboka skal lesast (med god grunn!).
"John Mortensen" var nok frå "Damen", i dag ville vi skrive Dammen. Det må vera han som vart døypt 25.12.1807, faren var "Martin Jonsen". Guten var fødd 20.12.1807. (Vågå ministerialbok 1739 - 1810, s. 159a.) Fadrane var "Ole Hougst., Jørgen Rusten, Johans Vandet, Marit ibid., Ragnil Ulen". alle desse ser ut til å vera frå same grenda nørdst på Sel. Etter det eg kjenner til, var Dammen ein husmannsplass i dette området. Fødselsdatoen passar perfekt med oppgjeven alder ved giftarmålet.

Giftarmålet til faren "Martin Jonsen" har eg ikkje funne i Vågå i tida frå 1786 til 1810. Eg finn han heller ikkje i Ft. 1801 for Vågå. Eg trur derfor helst at han var innflyttar og at foreldra har gifta seg ein annan stad.

Ved giftarmålet trur eg det står at Gunild er frå "Daleeie", det er frå eiga til garden Dale, og at faren er "Ole Dalelien". Det stemmer med at Dalelie var ein husmannsplass under Dale. Eit jentebarn "Gunnild" vart døypt 10.07.1808, med far "Ole Lien" (Vågå ministerialbok 1739 - 1810, s. 161). Fadrane "Johans Myrum, Jacob Olsen, Imbiør Thoue, Bertø og Marit Lien" er frå grenda der Dale og Dalelien ligg, så langt vi kan døme ut frå stadnamna. Gunild Olsdotter var derfor truleg frå Dalelie.

Farsnamnet til "Ole Lien/Dalelien" har eg ikkje funne, og det er derfor vanskelg å finne giftarmålet i kyrkjeboka. I Ft. 1801 er det under Dale nemnt husmannsfolka "Ole Halvorsen" og kone "Anne Johan[ne]esdtr". (Digitalarkivet, Ft. 1801 Waage, nr. 3621 og 3622.) Det er mogleg at dette var foreldra til Gunild, men det trengst grundigare undersøkingar for å kunne seia det sikkert.

Om det så var desse to som reiste nordover, er ikkje dermed sikkert, men eg finn det høgst truleg. Jon og Gunild har ikkje barn til dåpen i Vågå etter giftarmålet. Namnekombinasjonane er også såpass sjeldne, særleg for han, at det er svært lite sannsynleg at det skulle finnast eit ektepar til med same namn og i same alder i Gudbrandsdalen.

Dersom eg skulle koma over noko meir om desse folka, skal eg seia frå her på forumet.

gj25701
Innlegg: 1
Registrert: 12. juni 2016 kl. 11.55
Sted: Straumsbukta

Re: John Mortensen / Gunild Olsdatter fra Sel til Tromsø ?

Legg inn av gj25701 » 12. juni 2016 kl. 11.58

Hei jeg har en del opplysninger om denne slekta både forover og bakover i tid. Jeg er direkte etterkommer av John Mortensen på farsiden.

Er det fremdeles interessant?
Jeg er interessert i å dele opplysninger.

Mvh Kyrre Soleng

Svar

Gå tilbake til «Vågå»