Oppdatering på nett av Bygdebok for Lesja

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Oppdatering på nett av Bygdebok for Lesja

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 2. mars 2013 kl. 9.40

Viss du har tilleggsinformasjon om personar født i Lesja, men som flytta ut, er eg takknemleg for å få informasjon om dei. Eg prøver nemleg å korrigere feil i bøkene og supplere informasjonen om personar ved hjelp av denne nettsida: http://www.lokalhistoriewiki.no/index.p ... _for_Lesja (sjå lenka til tilleggsopplysningar bak kvart bind).

Dette er elles sider som kven som helst kan skrive inn informasjon på (må registrere seg som brukar, gratis). Men eg må be om at det blir lagt inn kjeldetilvising i form av permanent lenke til internettkjelde, sidetal i bygdebok o.l.

Og viss eg må oppdatere wikisidene må eg ta eit forbehold - det kan ta litt tid før eg rekk det. Eg har t.d. ganske mykje Amerika-informasjon særleg til bind 1 som ikkje er lagt inn enno.

Ein tilleggsinformasjon: bind 1 (Lesjaskogen) er ifølgje Lesja kommune utseld. Eg har derfor oppmoda kommunen til å skanne også det bindet, slik at alle tre vil vere tilgjengeleg på nett.

Svar

Gå tilbake til «Lesja»