Bind 3/side 378 Rakaneset

Svar
Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Bind 3/side 378 Rakaneset

Legg inn av Erling Myrbostad » 30. oktober 2015 kl. 14.01

I eit skifte datert 10. sept. 1733 kjem det fram ymse opplysningar som HH ikkje har med i bygdeboka. Skiftet er etter avdøde Eli Olsdotter Rakanes, ho er ikkje nemnt i bygdeboka. Sjå lenke:

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24640/276/

Her går det fram at Eli Olsdotter har vore gift med ein Peder Olson, som nok er identisk med brukaren på garden frå 1705. Dei har borna:
1. Ola, f. ca 1713
2. Hågen, f. ca 1716
3. Beret, f. ca 1719.
Berre sønene er nemnt i bygdeboka, og fødselsår er ikkje med. Namnet på kona er heller ikkje med. Nytt er det og at Eli er oppattgift med neste brukar, Gunnar Estenson. Ifølge skiftet har dei berre ei dotter, ikkje to slik HH oppgir i bygdeboka:
1. Mali, f. 1733
Kvar Hyldbakk har frå at dei har ei dotter Dordi, er ukjent, men det er etter alt å dømme feil. Som nemnt i eit anna innlegg er det også feil at kona til Jo Hallsteinson Drøpping var frå Rakaneset, ho var frå Røkkum.

Det kan og tenkjast at Eli Olsdotter var dotter til Ola Olson, som var brukar før Peder Olson, men noko bevis for dette har ein foreløpig ikkje.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Heimar og ætter i Stangvik, bind 3»