Bind 4/side 106

Svar
John Harry Aarønes
Innlegg: 1026
Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
Kontakt:

Bind 4/side 106

Legg inn av John Harry Aarønes » 19. mai 2009 kl. 14.54

I linje 2f står det at foreldra hennar Dortea Malena Ravn var tollaren Christian Ravn på Molde og kona Lisbet Audunsdtr. frå Reknes.

Namnet på faren skal vere tollbetjent Jacob Ravn på Molde. Det kjem fram i eit skifte på Molde etter forrige tollbetjent Jacob Ravn .

1704 16/12 Skifte paa Molde Ladested efter sal. Jacob Raufn, som efterlod Enken Elisabeth Audunsdatter som havde til Laugværge Oden Odensen.

I dette skiftet står Dorete Malene Jacobsdatter Ravn nemnt sist av barna deira og som formynder står oppført hennar morbror Aage Odensen.

Tollaren Christian Ravn er nemnt som salig lenge før Dortea Malena vart fødd.

Svar

Gå tilbake til «Averøy: Averøy bygdebok»