Bind 3/side 630 Skar -Skarshaugen

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2984
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 3/side 630 Skar -Skarshaugen

Legg inn av Knut Sæther » 14. februar 2015 kl. 18.45

Her er omtala Anders Nilsson, kona Brit Olsdotter og tre barn: Trond, Ola og Nils. Det står ikkje noko nærare om kven Anders var.

I eit skifte frå 1807 etter husmannen Nils Nilsson på plassen Oppdølsnausta i Sunndal, går det fram at han hadde tre søsken: Anders Nilsson Skarshaugen (død), Anne Nilsdotter Øye (død) og Guru Nilsdotter. Skiftet tek til nedst på venstre side:

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24657/189/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660189.jpg

I skiftet får vi vite at Anders Nilsson lét etter seg fire barn: Trond, Nils, Ole og Eli. Dei tre førstnemnde er altså registrerte i bygdeboka for Tingvoll.

Om Nils Nilsson og søskena hans – sjå òg Sunndalsboka bind 5 s. 145.

Anne Nilsdotter er nemnd under Øye i Gards- og ættesoge for Gjemnes bind 1 s. 405. (Ho var gift med Tore Ivarsson.)

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3»