Bind 2/side 213–214 Løvika – Utigarden

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2984
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 2/side 213–214 Løvika – Utigarden

Legg inn av Knut Sæther » 15. februar 2015 kl. 18.13

På desse sidene er Eli Andersdotter Ulvund og ektefellene hennar omtala. (Ho var visstnok først gift med Abramham Jøstensson, og seinare med Isak Andersson.) Det står heller lite om avstamminga til denne Eli, men mora Brit Olsdotter er nemnd.

Eit skifte frå 1807 etter husmannen Nils Nilsson på plassen Oppdølsnausta i Sunndal synest å gje meir informasjon. I dette skiftet er nemnt ein bror til Nils, Anders Nilsson Skarshaugen, og det kjem fram at denne broren hadde sønene Trond, Nils og Ole, samt ei dotter Eli som var ”givt og boer paa Gaarden Løvigen”. (Kan hende det står Lovigen, men det må likevel vere garden Løvika i Halsa det er tale om.) Skiftet startar nedst på venstre sida:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24657 ... ull&mode=0

Anders Nilsson er omtala under Skarshaugen i Gards- og ættesoge for Tingvoll bind 3 s. 630. Der kan vi lese at han var gift med Brit Olsdotter, og at han med henne hadde tre søner. Namna på sønene er dei same som i skiftet det er referert frå ovanfor. Noka dotter Eli er ikkje nemnd.

Her er Eli Andersdotter og mor hennar i FT 1801:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... =1811#ovre

Knut Sæther
Innlegg: 2984
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Bind 2/side 213–214 Løvika – Utigarden

Legg inn av Knut Sæther » 21. februar 2015 kl. 9.15

I FT 1801 som det er lenkje til ovanfor, ser vi at Eli Andersdotter hadde eit uekte barn Kari Larsdotter som var 15 år gammal. Her er dåpen hennar i Stangvik i 1785 (den første dåpen øvst på venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik, Ministerialbok nr. 592A01 (1784-1819), Kronologisk liste 1785, side 10.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-13

Faren var Lars Jonsson Røset, soldat av det sunndalske kompani. Han var nok son til Jon Larsson Røset på Ålvundeidet, og f. 1760. Lars vart brukar på Lia i Jordalsgrenda - jf. Sunndalsboka bind 5 s. 71. Han hadde ein bror Bersvend, og han finn vi mellom fadrane ved dåpen til Kari.

Svar

Gå tilbake til «Halsa: Halsaboka»