Bind 1/side 016 Kvalnesvik med Ringen

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2984
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 1/side 016 Kvalnesvik med Ringen

Legg inn av Knut Sæther » 9. mars 2013 kl. 9.23

Her står det at Marie Olsdotter f. 1812 vart gift med Ole Nilsson Smiset. Men rett namn skal nok vere Smistad, så sant denne Ole da ikkje hadde budd på Smiset i tida før ekteskapet. Iallfall var han fødd i Øksendalen i 1816 som son til Nils Olsson Smistad (frå garden Smedstad) og Anne Halvorsdotter (nr. 21, høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1816, side 57.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-41

I kyrkjeboka for Stangvik (Halsa) er Ole Nilsson kalla Smiset ved vigselen. Men det står òg at han var fødd i Sunndalen, og i kolonna for foreldrenamna er faren oppført som Nils Olsson Smistad (nr. 10):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Halsa i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 /2 (1831-1849), Ekteviede 1845, side 482.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-170

Ole Nilsson er omtala under Øksendalsøra i Sunndalsboka bind 4 s. 120. Kvar han vart av ”vites ikke”, står det der.

I kontinuasjonsskifta etter Ole Nilsson og foreldra hans frå 1854 ser vi at han er oppført med namnet Qvalnæsvig (folio 208 og folio 209a):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nordmøre sorenskriveri, Skifteutlodningsprotokoll 3A 33 , 1850-1862, oppb: Statsarkivet i Trondheim.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24666/232/

Svar

Gå tilbake til «Halsa: Halsaboka»