Bind 5/side 035 Stormjølkill – Nestua

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2984
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 5/side 035 Stormjølkill – Nestua

Legg inn av Knut Sæther » 28. november 2010 kl. 16.10

Her står ein Gunnar f. 1823 oppført som son til gardfolka Ole Jensson og Ingrid Olsdotter. Men denne Gunnar er plassert i feil familie, for han var son til Ole Andersson og Guro Gunnarsdotter på Stormjølkill bruk nr. 4. I skiftet etter Guro Gunnarsdotter frå 1835 (folio 688b) er denne sonen nemnt mellom arvingane. Ved dåpen hans i 1823 (nr. 14) ser vi at Ole Andersson Melkild er oppgjeven som far, men presten har ført opp feil namn på mora, for ho er kalla Ingrid Olsdotter. Men Ingrid Olsdotter var altså namnet på kona til Ole Jensson på Stormjølkill bruk nr. 2. Ved konfirmasjonen til Gunnar i Hov kyrkje i 1840 (nr. 7) er det dei rette foreldra hans som er noterte i kyrkjeboka. Gunnar vart elles husmann på Einhaugen på Hol – jf. bind 3 s. 58.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»