Bind 5/side 068 Lia

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 5/side 068 Lia

Legg inn av Knut Sæther » 3. februar 2013 kl. 10.43

Her står det at Esten Eriksson vart trulova med Ingeborg Bjørnsdotter i 1753.

I kyrkjeboka ser vi at det var Esten Jordalen som Ingeborg Bjørnsdotter vart trulova med det året (nr. 12):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-61

Dei vart vigd året etter (nr. 7 i høgre spalte):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-76

Esten Jordalen var identisk med Esten Estensson på Nedre Jordal, og han og Ingeborg er omtala i bind 5 s. 95.

Esten Eriksson på Lia (Jordalslia) vart gift i 1756 med Marit Ingebrigtsdotter Hjellen (nr. 15 på venstre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-77

Esten Eriksson er òg omtala under plassen Håsen på Hov (bind 3 s. 246), og der har giftarmålet med Marit kome med. Men samtidig blir det hevda at han var gift første gong med Ingeborg Bjørnsdotter, og at denne Ingeborg må ha døydd omkring 1755. Dette var altså ikkje tilfellet.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»