Bind 1/side 182 Røen - Utigard

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2984
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 1/side 182 Røen - Utigard

Legg inn av Knut Sæther » 12. april 2013 kl. 18.30

Her er omtala Mildri Hågensdotter, som først var gift med Nils Pedersson, og deretter med Ole Johansson. Det er ikkje opplyst noko om avstamminga til denne Mildri.

I eit skifte i Sunndalen frå 1790 etter Lisbet Olsdotter Fale går det fram at ho hadde ei dotter Mildri Hågensdotter som var gift med Ole Johansson Røen på ”Lokejdet” (det er vel Lykkjeeidet det er tale om) – folio 287a:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24653/297/

Det er muleg at gardsnamnet som Ole Johansson er oppført med i skiftet kan tydast til Bøen, men i så fall må det vere ei feilskriving.

Lisbet var f. ca. 1724 og dotter til Ole Ingebrigtsson og Dordi Bårdsdotter på Smedstad i Øksendalen – jf. Sunndalsboka bind 4 s. 186. Ho vart gift til Fale – først med Ivar Evensson, og deretter med Erik Bersvendsson – jf. Sunndalsboka bind 2 s. 139–142. Men noka dotter Mildri er ikkje nemnt i dette bygdebokbindet.

Ut frå den oppgjevne alderen i FT 1801 var Mildri Hågensdotter f. ca. 1742. Eg finn ho ikkje konfirmert i Sunndal.

Svar

Gå tilbake til «Surnadal: Heimar og ætter i Stangvik, bind 1-2»