Ekstraskatten 1762

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Ekstraskatten 1762

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 15. januar 2019 kl. 10.19

Ikkje ukjend kommune - men fleire kommuner....

Dette er ei utfordring til folket med interesser nord på Sunnmøre.


Ekstraskatten 1762 https://media.digitalarkivet.no/db/contents/49637
inneheld namn på (nesten) alle som var 12 år eller meir i 1762/63.

Eg har registrert og sendt inn til Digitalarkivet hovudmanntal 1762 (oktober) og av- og tilgangslister nov.1762-des.1763 for
prestegjelda på Søre Sunnmøre, dvs. Hjørundfjord, Volda, Vanylven, Herøy og Ulstein. (Ulstein ligg ute frå ein tidlegare innsats).

Frå før har andre registrert hovudmanntala for Norddal (m. Sunnylven, Geiranger) og Stranda (m. Stordal).

Då manglar Borgund, Haram og Ørskog.

I hovudmanntala er det snakk om 6704 personpostar for Søre Sunnmøre og 2660 for Norddal+Stranda;
Det som står att er 3520, 996 og 1499 for høvesvis Borgund, Haram og Ørskog, til saman 6015.

Av- og tilgangslistene har eg ikkje talt (ca. 10% tillegg dersom presten har ført opp flytting innafor prestegjeldet). Desse listene ligg etter hovudmanntalet for kvart prestegjeld.


Nokon som tek utfordringa?

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Ekstraskatten 1762

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 16. januar 2019 kl. 0.21

Denne skrifta ser no ut til vare overkommelig da.

Kunne i første omgang tenkt meg å prøvd på Vatne Sokn i Borgund om ein kan dele det opp slik.
Der har eg omtrent heile farslekta og kjenner gardene.

Er det eit spesielt skjema ein fører det inn i. Dataprogram eksempelvis som Augustus for kirkebøker.

Blir det lest korrektur.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ekstraskatten 1762

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 16. januar 2019 kl. 8.30

Eg har brukt eit rekneark. Hovudmanntal for Herøy vedlagt (her lagra i gammalt excel format, .xls, sidan forumet ikkje tek imot det nye formatet).

"Nokon" må lese korrektur, ja.... Eg har gjort det sjølv. (I lister som dette er det mest snakk om å oppdage ting ein oversåg i første runde. Så kan ein spørje eit visst forum om tvilstilfelle.)
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Ekstraskatten 1762

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 16. januar 2019 kl. 10.08

Såg greit ut dette.

Har satt opp regneark og set igang når eg får att den andre maskina. Blir så mykje lettere når ein kan lese av frå ein skjerm og skrive inn på den andre. Så får ein sjå korleis det går.

Så får ein utfordre andre til å ta Ørskog og Haram.

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Ekstraskatten 1762

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 16. januar 2019 kl. 14.14

Ser at listene fra Borgen at der er litt forskjell i føringen fra Herøy. Men her reknar eg med at det skal transkriberast slik det står. Slik at der du skriv hustru skriv eg h. (og m for mann)

Likedan så vart eg litt uviss på dette med etternamn.

På sida eg lenker til er det mange frå andre gardar der skrivaren skriv namn på garden dei kjem frå. Eksempelvis under Eidsvik har vi Alvhild Matzen Hagen og Jørgen Knudsen Digernæs.

Då skriv eg vel Matzen Hagen under etternamn? Alternativet kanskje Hagen under merknader.

Andre spørsmål av teknisk art kan det vel og vare greit å legge ut her.

RA, Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, Ol/L0019: [Gg 10]: Ekstraskatten, 23.09.1762. Sunnmøre, 1762-1763, s. 60
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10041201041064

Nokre tillegg:
Det er brukt tegnet : etter forkortinger, skal vi bruke .
Ved dotter står det Datt og ved flere står det Døtt. Det er vel riktig og skrive Datt når vi skriv dei inn kvar for seg.
I rubrikk Børn over 12 Aar står det nokre plassar StS. Har kommet til at dette må bety Steson, bør vi markere det slik [steson]
Under Tingfjord (Tenfjord) står det ingen ting om eigar. Bør kanskje markeres slik at ein ikkje tar det som same eigarform som posten ovanfor.

Synspunkt på dette?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ekstraskatten 1762

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 16. januar 2019 kl. 19.28

Eg har oppfatta det sånn at D-arkivet gjerne vil ha samla alle namn som ikkje er førenamn i etternamn. Altså "Matzen Hagen" og "Knudsen Digernæs" som etternamn.
Søkerutinene gjev tilslag både for "Matzen" og "Hagen".

Prestane gjer det litt ulikt; særleg for mannlege hovudpersonar. Eg har ført inn det som står
(eller eigentleg skrive ut "Mand" for "M" og "Hustru" for "H").
Eg har også nummerert huslydane på ein gard. Nokre prestar gjer det, andre ikkje.

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Ekstraskatten 1762

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 18. januar 2019 kl. 20.10

Takker for synspunkt.

Kjem tilbake om eg treng hjelp. Enten her eller i tydeforumet.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ekstraskatten 1762

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 4. juni 2019 kl. 22.55

Lyftar opp denne...

Ingen fleire frå nordre luten som vil/kan bidra?
Dersom Helge tek Borgund, er det berre to prestegjeld att; Ørskog og Haram.

Svar

Gå tilbake til «Sunnmøre - ukjent kommune»