Grandonkel Ole Andersplassen Ringstad LØYST ? 14.9.11

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Grandonkel Ole Andersplassen Ringstad LØYST ? 14.9.11

Legg inn av dn27834 » 14. september 2011 kl. 11.41

Ole var født 15.04.1894 på husmannsplassen Andersplassen under prestegarden Sunde i Nord-Fron. Foreldra var Oline Paulsdtr Forrestadhagen og Tommas Olsen Erikstuen, begge barnefødt i Ringebu. I 1896 kjøpte dei seg bruket Ringstad nørdre på Sør-Fron, oppi Lia. Men 15.02.1899 døydde Oline frå ungeflokken sin. Dei eldste måtte ut i teneste, bessfar vart med oldefar på steinbrotsarbeid, småjentene kom til bessmor si Beret Bergum i Hovevangen, mens vesle Ole vart lægslem hos husmannsfolket på Flåtå søre, oppi Tofte, Sør-Fron, sjå FT 1900:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 035&lnr=00

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 043&lnr=00

Ved konfirmasjonen 26.04.1909 i Sør-Fron kyrkje budde Ole hos husmannsfolket i Fossehagen u/Fosse i Lia:
Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Fron, Klokkerbok nr. 4 (1896-1911), Konfirmerte 1909, side 172.nr 29
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-165
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660373.jpg

Men da blir Ole borte for meg i 1910, finn fleire Ole Ringstad, prøvde både med alle utgåver av T(h)om(m)assen eller Andersplassen, men det er ikkje han, heilt feil f.data. Er det nokon som kan hjelpe meg med det?

Resten av livet til gammelonkel Ole har eg nokon lunde på stell: Gift på Dovre 21.05.1916,
jernbanearbeider som reiste rundt, og da har eg funne att barnedåpar i Lesja, han var med å bygge m.a. Sørlandsbanen m.m. Kom attende til heimstaden til kona Sofie Lisødegard på Dombås, på sine gamle dagar og døydde på Dombås 12.06.1970.

Men kor var han i 1910, eit år etter konfirmasjonen? Det går nesten på æra laus å ha eit slik hol i minibiografien om gammelonkel.

Beste helsing
Wenche
Sist redigert av dn27834 den 15. september 2011 kl. 14.07, redigert 1 gang totalt.

dn09334
Innlegg: 3545
Registrert: 27. mai 2007 kl. 13.55
Sted: BODØ

Re: Grandonkel Ole Andersplassen Ringstad i 1910, opphaldsst

Legg inn av dn09334 » 14. september 2011 kl. 13.46

I Ft1910 må du ikke henge deg for mye opp i dato og årstall for der er det ikke langt mellom feil. For min del har det vært slik at de jeg har sjekket har sjelden vært riktige.

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Grandonkel Ole Andersplassen Ringstad i 1910, opphaldsst

Legg inn av dn27834 » 14. september 2011 kl. 14.36

Trefflista for FT 1910 på Ole Ringstad gav 7 treff:

http://da.digitalarkivet.no/sok/person/?s=ole+ringstad

Ingen passer men nr 3 kan kanskje vere rett person når følgjande blir retta opp, Fødestad er Nord-Fron, fløtte til Sør-Fron 2 år gamal, og f.data er heilt feil.

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sødorp i Nord-Fron, Ministerialbok nr. 4 (1884-1914), Fødte og døpte 1894, side 44.nr 9
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-49
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 117050.jpg

Så prøvde eg å finne ein Ole Ringstad døpt i Sør-Fron i 1885 eller 1886, ikkje utslag på aktuell kandidat, prøvde meg på konfirmasjon i åra rundt århundreskriftet, ingen aktuell Ole der heller.

Men foreldra til Ole var begge frå Ringebu, og hadde skekt der. Det er difor ikkje så urimeleg at dei har skaffa ein nyss konfirmert gut (1909 på lægd) jobb som tj.ug. Gardgut, staldkar, kjørek. Seinare vart han vel med storebror Paul nordover dalen på jarnvegsarbeid på Raumabana og Dovrebana.(har funne han som fadder på nokre av tantene og onklane mine medan dei budde på Lesja) Ole var seinare på Sørlandsbana også, for til slutt å vende attende til heimbygda til kona si, Sofie Lisødegard på Dombås.

Og at det er feil i FT 1910 fann eg nå med Oldefar T(h)om(m)as, han er oppført som Husmann på Ringstad, trass i at han vart sjølveigande bonde (og steinbrytar) i 1896, og selde bruket sitt i 1911. Det står også at han var født i Nord-Fron, men der var han berre innom som husmann på Andersplassen, alle barna deira, bortsett frå den eldste, var født i NF), han sjøl var født i Ringebu.

Ja ja eg får vel kanskje slå meg til ro med at det var gammelonkel Ole som var tenar på Rudi i Ringebu i 1910, før han vart med storebror på jarnvegsarbeid.

Huff og huff, så slitsamt med alle desse feila i kjeldene våre, eg missar nokre illusjonar om kva som er rett og riktig kvar dag nå.

Men tusen takk for interessa, og opning av augo mine med nye vinklar i denne saka.

Beste helsing
Wenche

Ola Morken
Innlegg: 217
Registrert: 2. desember 2005 kl. 12.19
Sted: EYDEHAVN

Re: Grandonkel Ole Andersplassen Ringstad i 1910, opphaldsst

Legg inn av Ola Morken » 14. september 2011 kl. 16.24


dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Grandonkel Ole Andersplassen Ringstad i 1910, opphaldsst

Legg inn av dn27834 » 14. september 2011 kl. 19.03

Hei Ola

Takk for forsøk på å hjelpe, men "alt" inntil 1909 og etter giftemål i 1916 fram til død, har eg klart å finne fram til. Denne greina av slekta, har det ikkje vore noko kontakt med, Ole hadde vel ikkje for gode minner som lægdslem. Det var i Folketelling 1910 det skar seg for meg. Men eg får vel slå meg til tåls med det at det er feil opplysningar registrert både på grandonkel Ole og oldefar T(h)om(m)as i FT 1910. Gravstøtta på Dombås med Ole og Sofie, og "barna" Trygve og Hjørdis, har eg funne fram til tidlegare via gravminner dis og tremenningen min. + at det tredje "barnet" Oskar er også gravlagt på Dombås.

Beste helsing
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Gudbrandsdalen - ukjent kommune»