Siri Bjørgen, Hans Sandvik og dottera deira

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj14398
Innlegg: 50
Registrert: 12. august 2011 kl. 20.03
Sted: SANDVOLL

Siri Bjørgen, Hans Sandvik og dottera deira

Legg inn av gj14398 » 29. august 2012 kl. 22.21

Hei igjen!

Eg har i mitt slektstre kome til ein blindvei eg ikkje klarer å finne ut av. Her er det eg veit:

Sjur Bjørgen (fødd 1790) og Anna Amland (fødd 1779) hadde fem born, og ein av desse heitte Siri (fødd 28. januar 1815). Ho finner eg ikkje noko som helst meir om, anna enn fødselsdatoen.

Det einaste eg veit kjem frå Skånevikssoga, Bind I, som seier at ho saman med Hans Nilsson Sandvik frå Husnes i Kvinnherad, fekk dottera Brita i 1848, og at ho flytta til Bergen. Soga seier òg at alle desse tre døydde ugift, og utan ettermæle, men eg har ikkje klart å finne noko som helst til å støtte opp under dette.

Er det nokon som kan hjelpe? Eg har diverre ikkje noko som helst info eg kan linke til.


Edit:
Det eg er på jakt etter er dødsdatoar og kor dei blei av.

Bjarne Hauge
Innlegg: 89
Registrert: 3. desember 2010 kl. 10.52
Sted: ÅRLAND

Re: Siri Bjørgen, Hans Sandvik og dottera deira

Legg inn av Bjarne Hauge » 30. august 2012 kl. 14.03

Siri Sjursdtr Bjørgen og ....
Skånevik I, side 38:
Det er her nemnd at Siri (Sigrid) Sjursdtr 1815 -, budde på Husnes, ug.
Det siste er ikkje rett, for Sigrid var gift 1851 m em Anders Hansson Rabben (Undarheim),
side 147 i gards og ættesoga for Kvinnherad IV.
Sigrid døydde der 1873.
Brita Hansdtr vart konfirmert 1864 i Husnes, sidan finn eg henne ikkje i Kvh, om ho då ikkje
var tenestejente 1865, med feil oppgjeven alder.
Nokon Hans Nilsson nedre Sandvik er ikkje å finna i Kvinnherad, ja berre ein i heile
Kvinnherad, Hans Nilsson Øvrehus 1803 - 1876.
Ingen Hans Nilsson i Kvh. hadde noko med Sandvik å gjera det eg kan sjå.
Nedre Sandvik er ein gard som ligg ved fjorden, og hadde ein del folk med kortare opphald

Med helsing
Bjarne Hauge

Svar

Gå tilbake til «Sunnhordland - ukjent kommune»