Elen Anna Jonsdotter + sønn Johannes f. 1852 *

Moderator: MOD_Nordland

Svar
7870
Innlegg: 121
Registrert: 21. februar 2005 kl. 23.26
Sted: SANDSTAD

Elen Anna Jonsdotter + sønn Johannes f. 1852 *

Legg inn av 7870 » 20. april 2020 kl. 22.24

Johannes Olsen Molde var sjømann, fødd på Inderøya i Trøndelag i 1817, vaks opp i eit solid jektefartmiljø og vart tidlig sjømann, mest i innanriksfart på fartøy langs kysten. Han reiste ofte nordover frå Trøndelag, og vart etter kvart brukt som kjentmann langs kysten mellom Trondheim og Hammerfest. Han segla også sjølv som jekteskipper, slik far hans hadde gjort før han, og som far sin var han kjent som ein kjempe av ein kar, som ikkje gjekk av vegen for eit basketak.

Han hadde fleire barn, både reint "privat" og i eksteskapet sitt. I februar 1851 vart han enkemann, men i april same året segla han nordover til Finnmarka igjen med skipper Johan Paasche på "Petronella" av Inderøya.

Det må ha vore på denne reisa han møtte Elen Anna Jonsdotter frå Alstahaug. Såpass sterkt vart det møtet at Elen Anna vart med Johannes sørover til Trondheim, og hit kom dei i september 1851.

I januar 1852 omkom Johannes Molde på sjøen. Da var Elen Anna langt på veg med barnet deira, og den 10.mai 1852 fødde ho ein gut. Han vart døypt i Bakke kyrkje i Trondheim 23.mai 1852 og fekk namnet Johannes, etter far sin. Og så står det i ministerialboka for Bakke: "Moderen er med Barnet senere reist tilbage til sit Hjem".

Er det nokon som har peiling på Elen Anna og sonen Johannes? Berre eit lite hint hadde vore fint.

Hill-Gunn Berna Jensen
Innlegg: 1465
Registrert: 25. mars 2006 kl. 18.30
Sted: KJERRINGØY

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av Hill-Gunn Berna Jensen » 20. april 2020 kl. 22.51


Hill-Gunn Berna Jensen
Innlegg: 1465
Registrert: 25. mars 2006 kl. 18.30
Sted: KJERRINGØY

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av Hill-Gunn Berna Jensen » 20. april 2020 kl. 23.07


Brukeravatar
Geir Tverå
Innlegg: 800
Registrert: 14. mars 2005 kl. 21.24
Sted: TRONDHEIM

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av Geir Tverå » 21. april 2020 kl. 0.05

Johannes døde senere samme år:
https://media.digitalarkivet.no/view/2579/214

7870
Innlegg: 121
Registrert: 21. februar 2005 kl. 23.26
Sted: SANDSTAD

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 7870 » 21. april 2020 kl. 14.04

Takk!
Dette er rette person, stadfesta gjennom at barnet Johannes døde i Gårdsvika 26.september 1852.

7870
Innlegg: 121
Registrert: 21. februar 2005 kl. 23.26
Sted: SANDSTAD

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 7870 » 21. april 2020 kl. 14.06

Takk!
Dette stadfestar at det er rette person. Dermed fall bitane på plass på grunn av god hjelp.

Hill-Gunn Berna Jensen
Innlegg: 1465
Registrert: 25. mars 2006 kl. 18.30
Sted: KJERRINGØY

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av Hill-Gunn Berna Jensen » 21. april 2020 kl. 15.27

Trolig Elen Ana sin dåp (den siste i 1828) https://media.digitalarkivet.no/view/16576/79

Svar

Gå tilbake til «Alstahaug»