Marit Rollufsdotter f 1816, Nils Rollufsen f?, søsken?

Moderator: MOD_Nord-Trøndelag

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Marit Rollufsdotter f 1816, Nils Rollufsen f?, søsken?

Legg inn av Magnar Husby » 30. desember 2010 kl. 12.16

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-16

Lenkja viser dåpen til Marit Rollufsdotter, Meråker, f 5.oktober 1816 døypt 12.januar 1817. Det er truleg ho som vart gift med Elias Torsteinson, ein plass utstyrt med etternamnet Brend…, og etterkvart busett på Brandmo i Hattfjelldal. Derifrå emigrerte dei til Minnesota, iallfall ei dotter Lovise, som der borte vart gift med Erik Evenson Husby frå Øksendal i Møre- og Romsdal. Marit Rollufsdotter ser ut til å vere konfirmert med etternamnet Brende.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-150

Denne lenkja viser dåpen til Jens Nielsen Brendgjærde, f 1831, seinare med etternamnet Dahl, som vart gardbrukar på Sirijord i Hattfjelldal. Faren til Jens Nielsen var Niels Rollufsen Brendgjærde?

Eg har ei sterk kjensle av at Marit Rollufsdotter (ovanfor) og Niels Rollufson var søsken. Men det er mange Niels Rollufson i folketeljinga 1801. Eg lurar difor på om det finst noko materiale om gardane og plassane under Brende i ei bygdebok for Meråker, og om nokon av personane ovanfor er nemnt. Eller om nokon sit inne med kunnskap om desse slektene. Dottera til Jens Nielsen Dahl, Beret Kristine Dahl, vart gift med bror til Erik Evenson Husby, Ivar Evenson Husby, i same området i Minnesota.

dn19818
Innlegg: 186
Registrert: 21. februar 2006 kl. 23.15
Sted: HEIMDAL

Re: Marit Rollufsdotter f 1816, Nils Rollufsen f?, søsken?

Legg inn av dn19818 » 1. februar 2011 kl. 20.14

De er ihvertfall ikke søsken. Her har du noe om Marit sin familie. Den Marit du har funnet er (i følge Stjørdalsboka, Meråker Herad bind VI del 1) feil, sakser fra boka:
( Brenntrø, br.4, under Over Brende gr. nr. 24)
Rollaug Halvorsen Brende døpt 25.2.1769 død 3.9.1852
gift 1. gang m Marit Olsdatter f.1771 d 13.2.1811
barn:
Halvor f.1798 d 1801
Ola f.1800 reiste med familien til Nordland i 1840, gift m Ingeborg Halvorsdatter f. 1811
Halvor f. 2.5.1802
Oa f. 26.3.1805
Nils f. 1808
Marit f. 1811 d. 1812
gift 2. gang m Mali Larsdatter Brennan døpt 11.6.1786 d. 13.12.1862
barn:
Marit f. 30.101816 død 5.6.1818
Lars f. 3.11.1819
Marit f.13.2.1822 gm. Elias Torsteinsen Gudåmo f.4.1.1817 reiste med familien til Nordland i 1840 (også sine foreldre Torstein Eliassen Gudamo og Kirsti Pedersdatter Hesttrøa)
Gunhild f.4.3.1829 (døvstum)
John f. 12.6.1831
Lisbet f. ? (døvstum) gm. John Torsteinsen Bonslett, Hegra, ei datter Lina f.3.11.1859. De utvandret til Amerika
Mali f. ? (døvstum)

Håper dette hjelper deg på rett veg. Husk å sjekke opp mot kirkebøkene

Hilsen Steingrim

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Rollufsdotter f 1816, Nils Rollufsen f?, søsken?

Legg inn av Magnar Husby » 10. november 2012 kl. 11.01

Takk for hjelpa. Men det tok lang tid før eg kunne ta fatt på dette att. Håpar dette innlegget likevel blir observert. For for meg ser det ut som om det er bygdeboka som tek feil Marit, iallfall når ein ser på kyrkjebokinnskrifta for avreisa, men det kan jo vere presten og som har valt feil Marit når han skulle notere data (men ho blir jo ei VELDIG ung mor da) :
Source information: Nord-Trøndelag county, Stjørdal, Parish register (official) nr. 709A12 (1833-1844), Migration records 1840, page 555.
Permanent pagelink: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-199
Permanent imagelink: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640566.jpg
Under Utflyttede på andre side finn ein familien frå nummer 29 til 36. Utflyttingsdatoen er 4.juni 1840. Dei er lista opp slik:
29.Ægtef. Torsten Eliass. Gudmoe 58 år
30.Hustruen Kirsten Pedersd 48 år
31.datter Anne 16 år
32.datter Berit 12 år
33.søn Peder 4 år fødd 20.11.1836 (til) Nordl. Amt (?) 04.06.1840
34.Æktef. Elias Torstens. Gudmoe 23 1/2 år
35.hustruen Marit Rollaugdr 24 1/2 år
36.sønnen Torsten 1 1/2 år fødd 28.12.1838 (til) Nordl.Amt (?) 04.06.1840

Familien før dei må vere av same slekta?
26.Ægtef. Arnt Pedersen Fossdal (er det Fossdal det står?) 40 år
27.hustru Ragnhild Rollaugsd. 40 år
28.søn Peder Arnts 14 år fødd 11.01 el 11.09 (?).1826 .....04.06.1840 til Nordl.

Som de ser er det ein del av skrifta eg ikkje forstår. Det gjeld det namnet? som står bakom fødselsdatoen til dei tre gutane, og det som er påført bak Elias og Marit. Det var fint om nokon kunne hjelpe meg med det.

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Rollufsdotter f 1816, Nils Rollufsen f?, søsken?

Legg inn av Magnar Husby » 10. november 2012 kl. 20.39

Har prøvd å finne ein sikker identifikasjon på Kirsten Pedersdotter Hesttrøa som er nemnt i bygdeboka gift med Torstein Eliasson (sjå ovanfor). Det må vere ho som finst på ein av husmanssplassane under prestegraden Værnes i 1801? 10 år gamal og dotter til Peder Eliasson og Barbro Hågensdotter. Men eg har ikkje lukkast i å finne korkje dåpen eller giftemål. Det siste finn eg kanskje ikkje fordi det manglar kyrkjebøker? Og dåpen - kan det vere at denne familien kom frå eit anna prestegjeld til Værnes?

Svar

Gå tilbake til «Meråker»