Mandtall paa Berg-betiendterne ved det Løckenske Kaaberwerck

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Mandtall paa Berg-betiendterne ved det Løckenske Kaaberwerck

Legg inn av dn07176 » 2. august 2016 kl. 0.03

For ei tid attende kom eg over ei udatert mannskapsliste for Løkken og Røros kopparverk på Riksarkivet, ref. tråden "Mandtall paa Berg-betiendterne ved det Løckenske/Røraaske Kaaberwerck" på DA sitt brukarforum.

Listene er udatert, og eg har så langt berre lykkast å snevre inn dateringa til å vere ein gong mellom 1677 og 1684; der 1677-1688 er tenestetida til bergskriver Peder Richartzen på Røros som er nemnt, medan 1684 er fyrste gongen eg har funne hytteskrivaren Bastian With nemnt på Grutsæter (han er ikkje på lista). Nokon, uviss kven, har notert på lista at den er frå 1684, men eg veit ikkje kva dette er basert på.

Klarer nokon andre bidra til å komme nærare ei datering?

Svar

Gå tilbake til «Meldal»