Siri Engelsdatter (Brattset) f 1711

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Siri Engelsdatter (Brattset) f 1711

Legg inn av Magnar Husby » 25. mars 2015 kl. 13.47

Eit oppsett om Siri Engelsdatter f 1711 ((fødselsåret står tydeligvis i bygdeboka for Rennebu, men ho var døypt 15. juni 1710) på nettstaden ”Skifter Orkdal, Meldal, Rennebu og Oppdal 1689-1805” viser at ho var gift tre gonger, siste gong med Jon Olson, som ho ikkje hadde barn med i Rennebu. Familien er notert i eit manntal for Rennebu i 1769, men så er det ikkje meir om dei. Ho har ein son Engel Andersson frå 2. ekteskapet sitt, fødd 13. februar 1752. I 1769 er også barna Ragnhild og Guru heime hos foreldra. Dei heldt til på garden Brattset i Rennebu.

Denne familien må ha reist til Møre og Romsdal, for eg meiner det må vere dei som bygsla Rønningen på Eidsøra i noverande Nesset, daverande Tingvoll, ein gong i 1770-åra, og som sonen Engel Andersson kjøpte til sjølveigande med skjøte datert 22.05.1777. I Gards- og ættesoge for Nesset bind 4 side 71 spekulerer forfattaren Ottar Roaldset på kvar denne familien kom i frå. Han kjem ikkje i mål, og han har truleg lese farsnamnet til Siri som Einar i staden for Engel, eller det kan vere feilskriving i dokument. Men alt anna stemmer med det som står om den nykomne familien på Rønningen. Men kona, Kari Jørgensdotter Ramsvik, har Engel truleg funne i Møre og Romsdal. Mange av barna til Engel og Kari er namn frå ætta til Siri, eller Sigrid, som er den mest brukte namnevarianten i Møre og Romsdal.

Er det nokon som kan verifisere denne identifiseringa med andre dokument?

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Siri Engelsdatter (Brattset) f 1711

Legg inn av Magnar Husby » 26. mars 2015 kl. 11.35

Far til Engel Andersson, Anders Arntson, er i kjeldene forsynt med etternamnet Braset. Men det kjem fram at familien helt til på Brattset. Var Braset ei eldre skriveform for Bratsett og også same gardskomplekset, eller var dette to forskjellige gardar? På Norgeskartet på nett er det ikkje oppgjeve noko namn Braset i Rennebu.

Anders Arntson hadde ei søster som det er skifte etter i 1780, Inger Arntsdotter. I det skiftet kjem det fram at familien til Engel ikkje lenger er tilstades i Rennebu, og at også ein annan arving har etablert seg i Møre og Romsdal. Men det blir visst ikkje nemnt at familien til Engel bur der.

Inger Johanne Bjørnaas
Innlegg: 1040
Registrert: 4. desember 2004 kl. 13.57
Sted: RENNEBU

Re: Siri Engelsdatter (Brattset) f 1711

Legg inn av Inger Johanne Bjørnaas » 16. mai 2015 kl. 15.03

Jeg har også samme kobling som deg når det gjelder denne familien.

Har også gjort følgende notat (mener dette er Sigrid/Siri Engelsdt.):
Er dette Siri Engelsdt. ?: Jordet 4. adv. 1776, Tingvoll: Jon Olsen Røningens k. Sigri Ejnersd.,
død 18. des., gammel 68 år. (dette er eneste gang Siri er funnet nevnt i kildene i Tingvoll).
(Det er antakelig på grunn av denne innførselen at forfatteren av bygdeboka bruker Sigri Einersdt. i stedet for Engelsdt.)

Jeg har gjort notat vedr. Jon Olsen Kastløkkja (Siri Engelsdatters 3. mann): Harholten,Tingvoll og Rønningen, Tingvoll.
Siris datter Guri bodde der, og Jon og Siri flyttet sannsynligvis etter. Se dødsfallet til Siri.

Jon Olsen står oppført som eier av Brattset, Rennebu, 1755-1790, da en ny slekt tok over.


Brattset og Braset er nok samme gård,men skrevet på forskjellig måte. Braset er mer som talemåten.

Beste hilsen Inger

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Siri Engelsdatter (Brattset) f 1711

Legg inn av Magnar Husby » 13. juni 2015 kl. 8.50

Takker for bekreftelsen og tilleggsopplysninger. Beklager at det tok så lang tid å framføre takken.

Svar

Gå tilbake til «Rennebu»