Halvor Svendson Utheimsløkken f 2. mai 1863 i Oppdal

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Halvor Svendson Utheimsløkken f 2. mai 1863 i Oppdal

Legg inn av Magnar Husby » 26. oktober 2012 kl. 9.04

Lenkje til dåpsinnførselen:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-117
Eg har tolka L-en under namnet Halvor som Lønset kyrkje- er det rett?
Det står to nummer knytt til foreldra. Eg tenkjer dei står for nummer i andre lister. Kva meiner de? Og eksisterer desse listene?
Det står vidare om faren: "...frå Sundalen". Korleis tolkar de dette? Er han i Sunndalen under dåpen, og altså ikkje til stades i Oppdal?
Kva veit de om slektskapen mellom fadrane og foreldra?
I siste kolonnen for "uekte" barn: Står det at ho hadde hatt tvillingar som døydde?


19336
Innlegg: 49
Registrert: 23. september 2005 kl. 10.19
Sted: OPPDAL

Re: Halvor Svendson Utheimsløkken f 2. mai 1863 i Oppdal

Legg inn av 19336 » 26. oktober 2012 kl. 10.37

Halvor Svendsen Utemsløkken (02.05.1863-28.06.1913), født utenfor ekteskap, foreldre Kari Olsdatter Utemsløkken og Svend Haagensen Aalbu. Utemsløkkja, eller Utemstorløkkja, er omtalt i Grete Høgset: Gards- og slektshistorie for Oppdal, bind I, Lønset og Storlidalen, Oppdal kommune 2001. Halvor Svendsen utvandret til Amerika i 1881 og ble der gift med Marit Garthe. De fikk 11 barn.
Per Odd Volden

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13030
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Halvor Svendson Utheimsløkken f 2. mai 1863 i Oppdal

Legg inn av Paul Johan Hals » 26. oktober 2012 kl. 11.19

Skal prøve å svare på spørsmålene dine.

Bokstaven under navnet refererer sannsynligvis til kirken.

Tallene etter foreldrenes navn (23 A og 28 A) er alderen deres (23 Aar og 28 Aar)

Faren er fra Sunndalen. Om han var tilstede ved dåpen står det ingenting om.

Kan ikke uttale meg om slektskapet mellom faddere og foreldre, men to av fadderne, Anfind Olsen Utheimsløkken og Anne Olsdtr Utheimsløkken kan være søsken til moren (Kari Olsdtr)

Øvrige faddere: John Haagensen Myren, Tarald Arntsen Blokhuus og Dordi Eriksdtr Blokhuus.

I siste kolonne leser jeg: Ang. af. Tarald Arntsen Blokhuus.
Hans 2dt Leiermaal med f?????
. Siste ordet skal muligens være forsk(jellige)
Hun (har fra) før Tvillinger som ere døde.

Mvh Paul

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Halvor Svendson Utheimsløkken f 2. mai 1863 i Oppdal

Legg inn av Magnar Husby » 26. oktober 2012 kl. 12.33

Takk til alle for svar.
Det er nok rett at tala viser til alderen. Det hadde eg ikkje tenkt på (og las slurvete det siste talet som 128)! Men det stemmer med det eg har frå før om fødselsåra deira, så det er nok rett. Eg prøver nemleg å finne ut litt meir om Svend for meg sjølv (for vi har utruleg mange sams forfedre) og for etterkomarar etter Halvor i USA. Svend Hågenson var son til Hågen Halvorson Ålbu og kona Luci Hågensdotter frå Løykja (Løken) i Sunndalen. Dei hadde gard på Ålbu ei stund men kjøpte så ein gard på Furu i Sunndalen. Hågen døydde på Furu, men Luci flytta tilbake til Oppdal da ho vart gamal. Til kven?
Svend hadde alt ein son med Sigrid Larsdotter Oren, tremenning til mora hans, i Sunndalen da han fekk Halvor i Ålbu. I 1861, da han fekk sonen i Sunndalen, var han i Oppdal står det i kyrkjeboka , og det er berre slekta til mora til barnet som er fadrar. Men seinare, i 1865, gifta han og Sigrid seg og hadde tilsaman 5 born. Dei budde først på Veitvoll under Furu, seinare på husmannsplassen Leangsøya der Svend døydde i 1925. Han var skreddar.
Det står som de seier ikkje direkte kvar han var i 1863, men skal det ikkje oppfattast slik at han var i Oppdal når det står "af Sundalen"? (Eg har ikkje sett etter flyttedokumentasjon enda, men det høyrer med til det eg har planlagt å gjere). Eg starta tråden for å få vite mest muleg om Svend, Halvor og mor hans. Er det nokon som har funne desse tvillingane som døydde?

19336
Innlegg: 49
Registrert: 23. september 2005 kl. 10.19
Sted: OPPDAL

Re: Halvor Svendson Utheimsløkken f 2. mai 1863 i Oppdal

Legg inn av 19336 » 26. oktober 2012 kl. 12.46

Fadrene Arnfinn og Anne Utheimsløkken var søsken av barnemor Kari. I likhet med Kari utvandret de til Amerika og bosatte seg i Sør-Dakota. Arnfinn Utheim hadde rot i haugianermiljøet i heimbygda Oppdal og drev forkynnervirksomhet. I Amerika ble han ordinert til prest og arbeidet i ulike menigheter fram til 1911. Han døde i 1913 og ble begravd på Hauges kirkegård, Cerro Gordo Township. (Kilde: Høgset).
Per Odd Volden

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13030
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Halvor Svendson Utheimsløkken f 2. mai 1863 i Oppdal

Legg inn av Paul Johan Hals » 26. oktober 2012 kl. 14.56

Magnar skrev: men skal det ikkje oppfattast slik at han var i Oppdal når det står "af Sundalen"?


Det presten har skrevet er at faren var hjemmehørende i Sunndalen. Ikke hvor han befant seg der og da. Han kan ha vært tilstede, men det vet vi ikke, desverre.

Mvh Paul

Svar

Gå tilbake til «Oppdal»