Erik Olsen,,Vullum Indre

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj04636
Innlegg: 49
Registrert: 6. mars 2007 kl. 20.22
Sted: Norsk

Erik Olsen,,Vullum Indre

Legg inn av gj04636 » 11. september 2012 kl. 3.47

Hei

Noen som kjenner til Erik Olsens far på Indre Vollum? Hvor kom hans far fra? Og hva hette hans kone?

Etterkommere; Erik og Eli Hansdatter Betten fikk sønnen Gunder f.ca1743.

Kjenner dere til gårdens beliggenhet i Valsøyfjorden?


mvh
Steinar

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Erik Olsen,,Vullum Indre

Legg inn av Erling Myrbostad » 12. september 2012 kl. 19.31

Om vi skal tru på Halsaboka, så var Erik Olson frå Ytre Vullum, ikkje Indre Vullum. Han var frå garden Gunnarstua, f. 1724, og står som brukar der i 1740. Han kan ha vore son til ein tidlegare brukar, Ola Erikson og kona Lisbet Knutsdotter, men sikkert er dette ikkje.

Erik Olson var ifølge halsaboka gift med Mali Eriksdotter, som døydde 1739 og etterlet seg enkemannen Erik Olson og sonen Benjamin, som da var halvårsgammel. Erik vart oppattgift med Eli Hansdotter Betten, som du skriv.

Vullumgardane ligg på Vullumstranda, litt innafor ferjekaia på Halsanaustan, og altså ikkje i Valsøyfjorden.

Reknar med at du er oppmerksom på at halsaboka har ganske mange feil, slik at alt ber sjekkast med originalkjelder.

mvh Erling

gj04636
Innlegg: 49
Registrert: 6. mars 2007 kl. 20.22
Sted: Norsk

Re: Erik Olsen,,Vullum Indre

Legg inn av gj04636 » 25. september 2012 kl. 20.58

Hei

Tusen takk skal du ha Erling og jeg har retta til slik at det skal vare Yttre Vullum gården.

Har du nåke meir opplysningar hvem han Ola Erikson var?


Mvh
Steinar

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Erik Olsen,,Vullum Indre

Legg inn av Erling Myrbostad » 25. september 2012 kl. 21.43

Ole Erikson var f. ca 1670, og var brukar ved manntallet 1701, sjå lenke:

http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/38458/52/

der vi finn han som brukar, og 31 år gammel.

Forfattaren av Halsaboka meiner at kona hans, Lisbet Knutsdotter, er frå Ind-Reiten, og ho må da i så fall ha vore frå Utistua, dotter til Knut Nilsson, men eg får ikkje dette til å vere heilt sannsynleg, for ser du på Ind-Reiten i lenka ovafor, er brukaren der i 1701 Nils Knutson, 34 år gammel. Og Nils Knutson er far til Knut Nilson, og altså bestefar til Lisbet ifølge Halsaboka. Så dette heng ikkje sammen aldersmessig. Dersom ho istaden var søster til Nils Knutson så passer det betre, men vi har ikkje noko bevis som stadfester dette, sålangt eg veit.

Så til Ola Erikson igjen. Han er temmeleg sikkert son til Erik Gunderson, som var brukar i Gunnarstua i 1645 og i 1657. Han hadde ifølge Halsaboka sønnene Hans, f. 1657, Gunder, f. 1660, Sjur, f. 1662 og Ola, f. 1670. Kona hans het Guri, ho sat med garden fram til omlag 1700, Erik Gunderson må ha døydd rundt 1659. I skattemanntalet i 1645 er og nemnt Marit og Elene på garden, så kanskje var ei av desse gift med Erik. Kven som er mor til sønene er derfor noko usikkert.

mvh Erling

Svar

Gå tilbake til «Halsa»