Jo Johanson Nes og familien

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Jo Johanson Nes og familien

Legg inn av Magnar Husby » 31. august 2012 kl. 17.51

I Stangvikboka bind 3 side 276 har Hans hyldbakk truleg gjort ein notatfeil eller liknande når det gjeld denne familien. For det var ikkje dottera Lisbet som var gift først med Henrik Evenson Åram og så med Knut Larsson Åram. Det var dottera Ildri fødd 1719. Ho hadde ikkje barn som var arvingar etter lova, så i skiftet etter henne i 1781 er heile søskenflokken rekna opp med unntak av Kristen f 1721 som må vere død på den tid utan arvingar etter lova. Det står mykje om Margrete f 1708, men eg har ikkje trengt inn i kva som står. Ho oppheldt seg ifølgje dokumenet i København, men eg kan ikkje sjå at ho var gift eller hadde arvingar. Johan hadde to barn, Nils, som oppheldt seg i Kristiansund (og eg trur eg fann familien i 1801), og Marta, som var gift til Ångarden, Husby i Øksendalen.
Guro var gift med Anders Erikson Valset slik det står hos Hyldbakk, men Seljedal skriv i Sunndalsboka at sonen til Anders Erikson, Anders Andersson, kanskje ikkje var sonen hennar. Men det er sterke indisiar for at han var det, for Guro vart introdusert like etter at Anders vart fødd og slekta til Guro er sterkt inne i biletet som fadrar m.m. når det gjeld Anders Andersson og familien. Så kva grunn Seljedal har til å påstå det han gjer, er gåtefullt. Lisbet var og gift på Ålvundeidet og har etterkomarar. ho var gift med Jon Olson og budde på Storbråten. Yngstesonen Jon står jo hos Hyldbakk og. Men er det nokon som veit noko om barna hans? Sonen Jon døydde i 1786, men hadde han barn? Og Gjertrud, kvar vart det av henne? Eg har leita, men ikkje funne noko. Og kven var eigentleg Jo Johanson? Er det nokon som veit det?

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Jo Johanson Nes og familien

Legg inn av Erling Myrbostad » 31. august 2012 kl. 19.37

Godkveld, Magnar,

Eg kan ikkje seie at eg veit, for notata mine på denne saka er gamle, frå før eg starta med med kildenotering, og må derfor stadfestast. Men eg kan nemne det eg har likevel, for det kan no vere ein start på kildesjekking:

For det første har eg ikkje med Gjertrud Jonsdotter som dotter i den søskenflokken du nemner. Eg har derimot ei Gjertrud Jonsdotter som dotter til Jo Jonson Nes, f. ca 1724, som du meiner er død i 1786. Eg har derimot notert han som død når yngste dotra hans Magnhild Jonsdotter er født, dette er i 1758 eller kanskje året før. Den Jo Jonson som er død i 1786 har eg notert til å vere født ca 1750, og til å vere son til Jo Jonson, f. ca 1724. Dette vart kanskje dårleg skreve, men for å sette det opp kronologisk:

Jo Johanson Nes i Nestua og kona Maret Kristensdotter frå Utistua Nes har borna Margrete, Johan, Ildri, Gurå, Lisbet, Kristen og Jo (som du skriv, med unntak av Gjertrud, som eg ikkje har med).

Sistnemnte Jo Jonson er født ca 1724 og død 1757 eller 1758 i Nestua Nes etter mine notat. Gift med Maret Toresdotter Bjørnhjell, f. ca 1714, d. etter 1785 i Nestua Nes. Borna deira:
1. Jo, f. ca 1750, d. 1786, ugift
2. Gjertrud, f. ca 1756, d. etter 1801, gift 5. juli 1785 i Halsakyrkja med Kristen Einarson Megård frå Halsa i Kristengarden på Bø i Bøfjorden. Dei hadde sonen Einar, gift og tok over farsgarden, som igjen hadde 10 born.
3. Magnhild, f. 1758, død etter 1781.

Alt dette må sjekkast, og kan altså vere heilt feil. Men eg trudde altså på det da eg noterte det.

mvh Erling

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Jo Johanson Nes og familien

Legg inn av Erling Myrbostad » 31. august 2012 kl. 19.48

Eg kan kanskje og legge til at ho Maret Toresdotter Bjørnhjell i Nestua Nes vart oppattgift med Endre Gunnarson Røkkum (1723-1795), som er bror til 3xtippoldefar min. Dei hadde 3 døtre sammen, desse var:

1. Mali (1759-1799), gift 25.3.1792 med Ivar Andersson Røttingnes i Røttingneset
2. Dordi (1760-1826), gift 15.6.1794 med Knut Hansson Jutvik i Bergjesvikja
3. Maret, f. 1763, gift 17.10.1793 med Tørris Gudmundson Dragset i Oppistua i Åkvikja

mvh Erling

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Jo Johanson Nes og familien

Legg inn av Erling Myrbostad » 31. august 2012 kl. 20.29

Her i skiftet etter Maret Kristensdotter Nes i 1731 finn du bekreftelse på borna i søskenflokken, og alder. Du ser at det er ingen Gjertrud:

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24640/27/

Skiftet frå 1781 har du vel sett på, eg såg på det no nettopp og fann ingen feil i.f.t. det eg har sett opp før, men det er rom for mistolkingar, ikkje alt er like lett å lese, og noko mest umuleg for ein amatør.

Erling

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Jo Johanson Nes og familien

Legg inn av Magnar Husby » 1. september 2012 kl. 0.50

Takk for svaret. Nyttig for meg. Men du har nok misforstått meg litt , for eg snakkar om akkurat den same Gjertrud og broren Jon som du. Og det var fint å få vite kvar det vart av Gjertrud. Magnhild gløymte eg å spørje om, men ho er nemnt i skiftet i 1781 (faren var altså død som du skriv. Men sonen døydde altså i 1786 som vi begge skriv, og det ser ikkje ut til at du har noko om at denne sonen hadde barn). Veit du ellers noko meir om Magnhild? Og bestefaren Jon Johanson?

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Jo Johanson Nes og familien

Legg inn av Erling Myrbostad » 3. september 2012 kl. 10.47

Hei,

Nei, veit ikkje kvar Magnhild vart av. Ho er tydeligvis ikkje gift enno i 1781, og kan sjølvsagt vere død før 1783, men det er vel ikkje det mest sannsynlege.

Har sjekka kyrkjeboka i Stangvik etter dette før eingong, og har notert følgjande mulege spor (som eg enno ikkje har gjort meir med)

1. Den 2.7. 1797 døyr "tøsen" Magnhild Jonsdotter Seljebø, 46 år gammel. Alder stemmer ikkje heilt, men nær nok til at det ikkje er umuleg. Dette kan sjølvsagt vere ein heilt annan person, men eg fann ikkje nokon som høyrde til på Seljebø som passa. Men det er vanskeleg å få stadfest/avkrefta det utan å finne eit skifte, sjølvsagt.

2. Kanskje meir interessant: På april 1786 er det eit giftemål som ein kan sjekka nærare. Det er Anders Olson Havdahlen som giftar seg med Magnhild Jonsdotter Aasprong.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-16

No er det vanskeleg å seie sikkert om det står Jonsdotter eller Jensdotter, men likevel. Har ikkje sjekka borna til dette folket med tanke på fadderskap, men det kunne kanskje vore gjort. Det er sålangt eg veit ingen på Åsprong som passer inn, men det kan sjølvsagt ha vore ei anna tenestetaus.

Nokså lause teorier dette, men eg har ofte hatt nytte av å tenke på denne måten. Når det gjeld Jo Johanson har eg ingen forslag å komme med.

mvh Erling

Brukeravatar
Jonny Lyngstad
Innlegg: 332
Registrert: 5. desember 2004 kl. 10.20
Sted: LYNGSTAD

Re: Jo Johanson Nes og familien

Legg inn av Jonny Lyngstad » 14. september 2012 kl. 16.15

Flott at slike skifter blir tatt fram i lyset.
Det viser bare at det fortsatt er mange kilder som ikke er fullt ut bruka i tidligere bygdebøker.

Hverken Hyllbakk eller Seljedal har brukt særlig mange skifter i sine bøker, dessverre.

Artig det som står i dette skiftet om dattera Margrete som bodde i København.
La oss se på hva som står om henne:

På s. 224b - helt nederst - http://arkivverket.no/URN:sk_read/24651/241/ - står følgende:

"3. Søsteren Margrethe Johnsdatter Næss gift og boende i Kabenham men om hun er levende eller død ved saavel(?) Enkemanden eller nogen av de nærværende arvinger og vedkommende at burde give nogen Oplysning ey heller om hun har nogen Børn som i hændes Sted i fald hun er død kand tilkomme at arve ligesaa vedste og ingen med nogen vished at opgive hændes Mands rette Navn."

Så står det noe i andre kollonne på s. 226 - http://arkivverket.no/URN:sk_read/24651/242/ -

"Anno 1782 Den 29de May blev dette Skifte til endelig slutning foretaget i Skifteforvalterens Huus gaarden Øye i Surendalen. -
Hvorda først blev forretningen tilført den i Kiøbenhavns adresse Contors Efterretninger 3de gange efter hinanden indrøkkede Bekiendtgiørelse angaaende dette Dødsfalf til Efterretning for den i Kiøbenhavn boende Søster Margrethe Jonsdatter Næss saalydende:
Paa gaarden Aarammen i Sundals Præstegield under Nordmørs fogderie og Tronhiems Stift, er nylig bortdøed en kone nemlig Ildri Johnsdatter Næss der var gift med Bonden Knud Larssen Aarammen og skal blandt andre arvinger som ere hændes Sødskende og Sødskende Børn have haft en Søster ved Navn Margrethe Jonsdr. Ness som for mange aar siden skal Reist til Kiøbenhavn og der bleven gift men Mandens Navn vides ikke ey heller om hun lever eller har Børn efter sig, og da hændes arv kand om trent blive 24 Rdr saa bliver saadant 3de gange i den Kiøbenhavnske addrese avis Bekiendtgiort og vedkommende indkaldet for i lovlig tiid at anmelde sig hos Skifte forvalteren som er Stædets Sorenskriver Øye grd i Surendahlen pr. Tronhiem.

Dernæst saasom ingen efter skeede indkaldelse har mødt med nogett Krav i dette Stærvboe at have blev til slutning Beregnet og giort til avgang anført dette Skiftets Omkostninger Saasom"

Det var alt som sto om denne Margrete i København.
Hun arva 24 rdr 2 ort 10 5/7 sk.

Utgiftene med å sette inn annonser i avisa i København er ikke ført som utgift, merkelig.

Utgiftspost nr. 3 er:

"No 3 Enkemanden Knud Larsen Aarammen fordrede godtgiørelse for bekostning paa hans Sahl. Hustrues tilsyn og Pleye i hændes svaghed og for Begravelses vederlag i aldt Sex og tyve Rdr Men tilstaaes ikkun med 20 Rdr."

Lykke til med slektsforskiniga.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal»