Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Magnar Husby » 15. desember 2011 kl. 21.13

Desse to er foreldra til Ole Nilsson f1817 som seinare vart gardbrukar på Lillebørset på Ålvundeidet. Ei rekkje indisium tilseier at foreldra var Nils Jonsson Håsen f 1788 på plassen Håsen, Sunndalsboka bind 3 side 301, bygdevektar i Sunndal og Marit Ingebrigstdotter Hoven f 1791, dotter til Kari Olsdotter Hoven f1770, i Sunndalsboka 3 side 70, og Ingebrigt Olson Vinjevoll f1766 d 1791 etter drukning i Driva, i Sunndalsboka bind 3 side 25. Marit Ingebrigstdotter vart seinare ifølgje Knut Sæther gift med Johan Pederson f 1796 på Håsen Vb, Sunndalsboka bind 3 side 307 øvst.
Er det nokon som har funne sikre bevis for at denne identifikasjonen er rett?

Lenkjer m.m. i vedlegget om det eg har funne ut.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Brukeravatar
dn22196
Innlegg: 2308
Registrert: 16. januar 2008 kl. 11.32
Sted: FJERDINGBY

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av dn22196 » 15. desember 2011 kl. 21.31

Hei

Det er riktig at Nils og Marit er foreldre til Ole Nilsson.Her fødselen øverst venstre side:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1817, Introduserte kvinner 1794-1795, side 60.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-44

Brukeravatar
dn22196
Innlegg: 2308
Registrert: 16. januar 2008 kl. 11.32
Sted: FJERDINGBY

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av dn22196 » 15. desember 2011 kl. 21.37

Vielsen mellom Marit/Maret og Johan høyre side nummer 6:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Ekteviede 1823, side 370-371.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-42

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Magnar Husby » 15. desember 2011 kl. 22.42

Takk, men viss du ser på vedlegget mitt har eg dåpsinformasjonen til Ole i 1817 frå før. Problemet med denne dåpsinfoen er at han ikkje seier noko om kven foreldra eigentleg var, for farsnamna manglar. Og eg har ikkje funne handfaste bevis for at identifikasjonen min er rett. Eg manglar bevis for at Marit Ingebrigtsdotter f 1791 hadde ein son Ole utanfor ekteskap i 1817. Eg manglar bevis for at Nils Jonsson f 1788 var far til denne sonen. Eg har berre mange indisium. Så mange at eg reknar det som temmeleg sikkert. Men altså ikkje endelege bevis. Og heller ikkje giftarmålet mellom Johan og Marit, som du har vore så snill å finne lenkja til, hjelper oss i så måte.

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Knut Sæther » 16. desember 2011 kl. 0.29

Hei Magnar! Eg reknar med at indisia dine byggjer på ulike opplysningar som er funne i dei kjeldene du viser til i vedlegget. Ei slik opplysning kan vere at to av fadrane ved dåpen til Ole var Ole Håsen og Marit Håsen. To av søskena til Nils Jonsson bar slike namn. Elles er vel sjansen stor for at faren til Ole var identisk med den Nils Håsen som fekk ei dotter Kari i 1820. Ved dåpen til sistnemnde er dessverre ikkje talet på leiermål oppgjeve, men det står at faren var "paa Pladsen Haasen". Eg er derfor nokså sikker på at faren hennar nettopp var den Nils Jonsson du viser til. Og apropos Kari-namnet: Han som truleg var bestefaren til Nils Jonsson, Tore Olsson Forset/Storvik, hadde vore gift med ei Kari (jf. Sunndalsboka bind 4 s. 105). Her kan vi vel ikkje sjå bort frå oppkalling, sjølv om det er noko usikkert om Nils nedstamma frå henne. Elles har eg ikkje funne nokon andre gode kandidatar som far til Kari f. 1820. Rett nok er det nokre år sidan eg dreiv og grov etter informasjon om desse personane.

Framleis manglar det beviset du er ute etter, men eg meiner det som kjem fram ved dåpen til Kari er med og styrkar hypotesen din om at faren til Ole f. 1817 var Nils Jonsson Håsen. Så får vi håpe den som eventuelt måtte sitje med dokumentasjonen der ute, melder seg.

Helsing Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Magnar Husby » 16. desember 2011 kl. 10.30

Takk til Knut! Og du veit vel ikkje meir om denne Kari f 1820?

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Knut Sæther » 16. desember 2011 kl. 17.20

Ho døydde to veker gammel - sjå nr. 8, høgre side:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-32

Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Magnar Husby » 16. desember 2011 kl. 17.27

Skjønar du eller andre kva som står i siste spalta i dødsinnførselen til Kari Nilsdotter?

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Knut Sæther » 16. desember 2011 kl. 17.44

Dersom du meiner det som står under streken, så vedkjem ikkje det dødsinnførselen til Kari. Det står "Begyndt med KirkeAaret paa nye".

Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Magnar Husby » 16. desember 2011 kl. 18.38

Takk for tolkinga!

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Nils Håsen og Marit Hoven, kven var dei?

Legg inn av Knut Sæther » 17. desember 2011 kl. 22.31

Her er nokre opplysningar du sikkert vil finne interessante, Magnar (om det da ikkje er gammelt nytt for deg):

Bror til Nils Jonsson Håsen, Jon, fekk i 1820 ei dotter Magnhild. Fødsels- og dåpsinformasjon om denne Magnhild er ført inn i ministerialboka i ettertid (kanskje i samband med konfirmasjonen til Magnhild i 1836) av Ole Berner, sokneprest i Sunndal frå 1835 - sjå høgre side:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Fødte og døpte 1821, side 8-9.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-6

Her står følgjande: "Ifølge Faderen John Johnsens samt Fadderne Nils Johnsen Haasens og Marith Ingebrigtsd. Ørens Vidnesbyrd er Magnhild født ... " osv.

Mor til Magnhild er ikkje nemnt i denne notisen, men det er ho i klokkarboka - sjå nr. 18:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Klokkerbok nr. 590C01 (1819-1838), Fødte og døpte 1821, side 8-9.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-7

Det interessante her er at mora Brit Olsdotter Hoven (f. 1797) var halvsøster til den Marit Ingebrigtsdotter Hoven som kan ha vore mor til Ole Nilsson f. 1817. Elles kan vi merke oss at Marit er kalla Haasen i klokkarboka.

Kanskje Marit Ingebrigtsdotter Hoven/Øren/Håsen hadde to vektige grunnar til å stille som fadder ved dåpen til Magnhild: Ikkje berre var ho halvsøster til mor hennar, ho hadde òg ein son med bror til faren.

Knut.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal»