Magnhild Nilsdotter Skar konfirmert 1813

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Magnhild Nilsdotter Skar konfirmert 1813

Legg inn av Magnar Husby » 11. mars 2015 kl. 20.28

Magnhild Nilsdotter Skar vert konfirmert i Tingvoll kyrkje i 1813. Ho er ikkje nemnt i Gards- og ættesoge for Tingvoll b 3 under Skar.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-148

Men eg trur det er ho som blir gift i 1828 med Anders Jonson Fredsvik
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-171

Dei busette seg i Havdal (Inderstar, truleg på Indre Havdalsbakken eler Solbakken), men budde og ei stund i Stomsvika (då dottera vart fødd, men ikkje i 1849 da Anders Jonson døydde.) Familien er ikkje nemnt hos Hyldbakk eller i Nesset-bøkene.

Dei hadde to søner (1830 og 1834) og ei dotter (f 1842 – d 1842). Dei to sønene vart begge skomakarmeistarar i Kristiansund og gifte seg der. Familien til den eldste, Anders Andersson emigrerte med heile familien. Familien til den yngre, Einar Andersson ser det ut til å ha gått dårleg med. I 1875 var kona og to av barna i fattighuset på Nordlandet, og også dei ser ut til å forsvinne utan meir familie.

Forfedrane til Anders Jonson Fredsvik kjenner eg godt til. Mora var Gjertrud Nilsdotter Hafstad. Ho er heller ikkje nemnt hos Hyldbakk (berre dei yngre brørne Tore og Nils). Og faren var Jon Andersson Fjøseid, seinare gift med ei enkje på Rimstad.

Men kven var denne Magnhild Nilsdotter Skar/Havdal som Anders Jonson gifta seg med?
I 1865 er det truleg ho som lever som enke av handarbeid hos Anders Sivertson på Solbakken under Havdal. Da står det at ho var fødd i Grytten. Og det var ho. (Ein finn difor att dette temaet under Rauma på DIS, der den sida er teken opp). Da ho var døypt, budde mora, Sigrid Andersdotter på Aag (Åk). I 1801 bur dei på Skorgen i Eidsbygda. Men ein finn ikkje dåpen, konfirmasjon eller anna om Sigrid Andersdotter i Grytten. Så spørsmålet her er:

Har Sigrid Andersdotter (f ca 1770?) og Magnhild Nilsdotter likevel tilknytning bakover i Tingvoll prestegjeld. Har nokon vore borti dei ein eller annan stad?
Sist redigert av Magnar Husby den 12. mars 2015 kl. 21.07, redigert 1 gang totalt.

Terje Sæterli
Innlegg: 47
Registrert: 23. januar 2013 kl. 21.19
Sted: FREI

Re: Magnhild Nilsdotter Skar konfirmert 1813

Legg inn av Terje Sæterli » 12. mars 2015 kl. 20.44

Hei - går det an å nøste meir i dette ?
Ei Sigrid Andersdotter blir døpt i Tingvoll 26. mai 1765. Foreldra er Anders Andersen Flå og kona Anniken Pedersdotter som var brukarpar i Nistua på Fjøseid (Tingvoll III s 518).
Denne Sigrid Andersdotter blir gift 1797 med Bjørn Bårdson Fredsvik, ifølge Tingvollboka.
Anikken dør i 1776 og Anders gifter seg oppatt med Marit Jonsdatter Røsdal, og får 2 barn, derav dottera Anikka f 1779 og gift med Knut Eivindson Bersås.

Så, til eldste sønn du nemner, han født 1830, (Anders Andersen). Da han døpes 15.6 1830, er Anika Andersd Bersås fadder. Det samme er ein Anders Toresen Fjøseid.
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A09 (1829-1843), Fødte og døpte 1830, side 9.
Er det berre tilfeldigheter at Anika Fjøseid er fadder til Anders f 1830?
Om eg resonerer rett, er Anika halvsøster til Sigrid.....

Mvh Terje

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Magnhild Nilsdotter Skar konfirmert 1813

Legg inn av Magnar Husby » 12. mars 2015 kl. 21.04

Nei, det er ikkje tilfeldig. Ho er halvsøstera. Alle ungane til Anders og Magnhild har fadrar tilknytta slekta til Anders. Det er berre eit unntak trur eg, Søgni Olsdotter Røskar i 1842. Men ho er gjerne berre ei venninne av Magnhild.

Det er noko forunderleg at andre sonen vart døypt Einar, for det er lite med Einar på Anders si side, unnateke ei sidegrein til Fredsvikfolket på Kvennset. Men det er ein tenestekar Einar Andersson på Skar i 1801. Han kunne jo vere ein bror av mor til Magnhild. Men eg fann ikkje noko om han i første omgang.

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Magnhild Nilsdotter Skar konfirmert 1813

Legg inn av Knut Sæther » 12. mars 2015 kl. 21.56

Sikkert ikkje til mykje hjelp, Magnar, men eg har notert at det var ei Magnhild Nilsdotter Eidsøren som fekk ei dotter Marit med Gunnar Larsson Myren i 1822. Her er dåpen (nr. 9):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A08 (1819-1829), Fødte og døpte 1822, side 28-29.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-16
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 680116.jpg

Kan dette vere "di" Magnhild?

Mvh. Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 562
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Magnhild Nilsdotter Skar konfirmert 1813

Legg inn av Magnar Husby » 12. mars 2015 kl. 22.19

Takk for opplysninga. Eg visste ikkje om denne dottera. Ho hadde og ein son Tørris. Men denne Magnhild Nilsdotter er truleg ho som vart gift til Myren under Angvik, søster til John Nilsson Eidsør som var gift i Fredsvika. Eg lurte lenge på om ho kunne vere identisk med den Magnhild Nilsdotter eg prøver å identifisere, men det var ho altså ikkje.

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll»