Oppslag i bygdebok for Aukra - Svinset

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Oppslag i bygdebok for Aukra - Svinset

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 23. oktober 2013 kl. 15.16

Eg treng hjelp til oppslag i bygdeboka for Aukra - garden Svinset.

Kva står det om paret Knut Abrahamson f. 1792 Ytrehorn, Hornindal og kona Brite Eriksdtr. Svinset og familien deira?

4322
Innlegg: 70
Registrert: 5. mars 2006 kl. 20.16
Sted: MIDSUND

Re: Oppslag i bygdebok for Aukra - Svinset

Legg inn av 4322 » 23. oktober 2013 kl. 21.12

Hei.

De du spør etter budde nok i Aukra kommune på den tida, men siden blei kommunen delt i Nord-Aukra og Sør-Aukra. Seinere blei Sør-Aukra til Midsund kommune, og i bygdeboka for Midsund bind I finn vi dei omtalt.
De bodde heller ikke på Svindset, men på en husmannsplass som heitte "Heggdalsstølen" i bygda Nord-Heggdal.

Jeg siterer:
Knut Abrahamsen f. 1792 frå Ytrehorn i Hornindal, d. 28/6-1826, kom bort på sjøen, son til Abraham Jonsen og Jertrud Andersdtr. Ytrehorn i Hornindal, gift 1821 med søskenbarnet sitt Beret Eriksdtr. f. 1793, i live i 1865, budde då på Rekdal, dt. til Erik Jonsen og Marit Larsdtr. Svindset (sjå gnr. 32, bnr. 1) Dei kom flyttande frå Hornindal i 1822.
Knut bygsla 27/5-1833. Stykket var frå før inngjerda og blei tidlegare brukt til høyslott for brukarane i N-Heggdal og på Reiten.

Born:
a) Jertrud f. 7/12-1822, d. 1879, flytta 22/5-1849 til Vestnes, gift med Knut Knutsen Rekdal f. 1820, d. 1890. Dei busette seg på Svortemyra, bnr. 2 under Rekdal.

b) Marta f. 3/11-1825, d. 5/5-1875, gift 10/7-1853 med Peder Rasmussen f. 6/1-1830, d. 31/3-1873, son til Rasmus Pedersen og Kari Olsdtr. Husøy. Dei busette seg på Husøy. Sandøy kommune.

Neste brukar:
Elling Ellingensen f. ca 1781 på Daugstad i Tresfjord. Han blei 5/7-1829 gift med Beret Eriksdtr., enkja etter forrige husmann. Kvar dei blei av, har eg ikkje funne noko om, men det ser ut til at dei har flytta ut etter kort tid.

Foreldra til Beret (Berit) som budde på Svindset bnr. 1 er omtalt slik i bygdeboka:
Erik Jonsen f. 1750, i live i 1806, son til Jon Eriksen og Ingeborg Knutsdtr., Ytrehorn i Hornindal, Nordfjord, gift 1782 med Marit Larsdtr. f. 1749, d. 1804, dt. til Lars Bottolfsen og Marit Olsdtr. Solheim i Hornindal. Erik var farbror til Knut Abrahamsen på Heggdalsstølen. Kring kyndelsmessetid 1787 fekk han bygselseddel på bruket utstedt av magister Wessel i Aukra. Skiftet etter Marit som blei halde 1806 viste ein brutto formue på 56 riksdalar 19 skilling.
De hadde 5 barn. Utenom Beret var det: Guri f. 1782, Ingeborg Marta f. 1792, Lisa f. 1796, Johanne f. 1799.

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Oppslag i bygdebok for Aukra - Svinset

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 23. oktober 2013 kl. 21.29

Mange takk, Per Olav!

Svar

Gå tilbake til «Midsund»