Knut Rasmussen Fandeløp 1665-1705

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj03619
Innlegg: 65
Registrert: 9. april 2019 kl. 15.16
Sted: FØRDE

Knut Rasmussen Fandeløp 1665-1705

Legg inn av gj03619 » 9. april 2019 kl. 15.29

Ei sekundærkjelde hevder at Knut Rasmussen Fandeløp gifta seg til Brunvoll på Harøya slutten av 1600-talet. I MT1701 er han 36 år, fire år seinare er han daud, syner skiftet. Desse kjeldene opplyser ikkje om opphavet til Knut, sjølv om skiftet kunne tolkast slik at han eigentleg var frå Brunvoll. Men grundige granskingar av matriklar syner at informasjonen i skiftet ikkje kan stadfestast.
Skiftet, sjå høgre spalte øvst side 234 om kreditorar: https://www.digitalarkivet.no/sk20090129630352

Eg har ikkje klart å verifisere at Knut er frå Fanneløp, Vatne skipreide, korkje i primærkjelder eller sekundærkjelder som Vatne bygdebok.
Leilendingsskatten 1665, det året Knut skulle ha vore fødd i følge MT1701, syner ingen brukar ved namn Rasmus, far til Knut, på Fandeløp. Men der er ein Rasmus på "...setter" eller Krogsæter, syner kjelda.
Sjå RA, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Stiftamtstueregnskaper, Bergen stiftamt, R/Rc/L0016: Bergen stiftamt, 1665, oppslag 30. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20090625320912

Nokon har kjennskap til dette eller tips om kjelder?

Robert Haugen

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knut Rasmussen Fandeløp 1665-1705

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 9. april 2019 kl. 21.43

Ei sekundærkjelde hevder at Knut Rasmussen Fandeløp gifta seg til Brunvoll på Harøya slutten av 1600-talet. I MT1701 er han 36 år, fire år seinare er han daud, syner skiftet. Desse kjeldene opplyser ikkje om opphavet til Knut, sjølv om skiftet kunne tolkast slik at han eigentleg var frå Brunvoll. Men grundige granskingar av matriklar syner at informasjonen i skiftet ikkje kan stadfestast.


Kva slag informasjon (som ikkje kan stadfestst) meiner du at du kan finne i skiftet?

Nokon har kjennskap til dette eller tips om kjelder?

Har du sett etter i manntala 1664-66 og landkommisjonen 1661?

gj03619
Innlegg: 65
Registrert: 9. april 2019 kl. 15.16
Sted: FØRDE

Re: Knut Rasmussen Fandeløp 1665-1705

Legg inn av gj03619 » 10. april 2019 kl. 14.46

Eg har lese landkommisjonen 1661, manntala til fut og sokneprest 1664 og 1666 utan å finne ein Rasmus som brukar på Fanneløp. Og som nemnt, eg har lese skattematriklar utan å finne Rasmus på Fanneløp, som skal vere far til Knut.

I skiftet etter Knut Rasmussen 27.juli 1705 på Brunvoll på Harøya side 234 står følgande:


Chrestopher Smogge paa egne og
samptlige medarvingers veigne for-
drede som hans vergebroder Sl.
Rasmus Larsøn, paa sin mødrens
og fædrens arf, schall for uden det
som er bekommed Rester som sterf
boen tilsvarer.....................10....6


Eg er usikker om "bekommed Rester" er korrekt transkribering.

Korleis skal ein tyde dette siterte avsnittet - er Chrestopher svoger til Rasmus eller er han svoger til arvelatar Knut? Knut var gift to gongar, og hadde barn med begge konene. Den første kona er ukjent, den andre er Helga Pedersdotter Uksnøy, 1687-1742.

Eg gjekk ut ifrå at denne informasjonen sa at Rasmus Larsen var far til arvelatar Knut Rasmussen, og at Rasmus hadde eit bruk på Brunvoll. Men det har ikkje kjeldene eg granska stadfesta. Det er imidlertid ein Rasmus Jensen som var brukar på Brunvoll. Eg har ikkje funne Rasmus Larsen.

Chrestopher Smogge er i MT1701 brukar på Smoge på Gossen i Aukra prestegjeld, og er barnefar.

Robert Haugen

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Knut Rasmussen Fandeløp 1665-1705

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 10. april 2019 kl. 14.53

Lenke til skiftet 1705.

SAT, Romsdal sorenskriveri, 3/3A/L0004: Skifteprotokoll, 1702-1706, s. 232b-233a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090129630351

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knut Rasmussen Fandeløp 1665-1705

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 10. april 2019 kl. 18.47

Same sak i Brukarforum - Arkivverket:
https://forum.arkivverket.no/topic/2328 ... sdal-1705/

Svar

Gå tilbake til «Haram»