Rasmus Ingebrigtsen Giske - kven er han?!

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Rasmus Ingebrigtsen Giske - kven er han?!

Legg inn av dn08004 » 14. januar 2009 kl. 14.07

Hei!

Eg har lenge heldt på med eit problem eg ikkje klarer å løyse på eigen hand. Det er ei mengd med opplysningar, men eg skal prøve å korte ned til det mest essensielle.

Det heile byrjar i midten med garden Slåttelid i Volda. Der flyttar ein Rasmus Ingebrigtsson, f. ca. 1757, g.m. Olave Hansdotter. Dei får fire born: Steffine f. 1789, Ole f. 1792 og Ingebrikt Sivert f. 1796. Her bur dei saman med Rasmus si mor, som er enke etter 2. ekteskap; Dorte Olsdotter, f. ca. 1733. Ho er også nemnd i FT-1801.
Kvar Rasmus og Olave er frå er uvisst, men det er ikkje frå Syvde, som det stend skrive i Busetnadssoga for Volda. Det har også forfattaren konkludert med i ettertid. Men i 1788 giftar eit par seg i Borgund: Rasmus Ingebrigtsen Lien fra Wolden og Olave Hansdtr Joegaard (eller Lykken/Lychen/Lykkja som det stend under i "Borgund og Giske", b.4:506). Lien er ei gammal nemning av Slåttelid, så han har nok allereie bygsla denne garden i 1788. Det interessante her er at klokkaren i Borgund skriv ikkje Lien som bustad på Rasmus, men Giske. Dei har også to forlovarar frå Giske.
Prestens trulovingsliste
Prestens bok for gifte
Klokkarens trulovingsliste
Klokkarens bok for gifte

Så eg har funne ut kven Rasmus og Olave i Slåttelida er - og Olave si grein bakover er grei. Men kvar Rasmus kjem frå er mindre sikkert - eg finn ingen på Giske i det aktuelle tidsrommen som kan passe med han. Også med tanke på at mora heiter Dorte Olsdtr. og har tydelegvis ein far som heiter Ingebrigt. Ho er som tidlegare nemnt gift to gongar, så eg har ein teori om at dei kan ha flytt til Giske etter Rasmus sin fødsel ein gong.

Eg har leitt etter kombinasjonen Rasmus Ingebrigtsson og Dorte Olsdatter i omegn og har funne ein interessant match i Eid i Nordfjord (nabokommune med Volda):
Giftarmål mellom Engebret Rasmusson og Dorte Olsdotter

Dette i seg sjølv er ikkje noko prov, men dei får ein son kalla Rasmus i 1761:
Rasmus Ingebrigtsson sin dåp

Dorte Olsdotter vart som kjend gift to gongar, og Engebret må difor ha døydd - og det gjer han allereie i 1762:
Engebret Rasmusson døyr i 1762

Dorte Olsdotter giftar seg oppatt med ein Niels Jenssøn Aarene:
Dorte Olsdotters andre ekteskap

Den einaste Niels Jensson eg finn i omegn, som kan passe er Niels Jensson Lindviig, f. 1751:
Niels Jensson Lindviks dåp

Eg finn ein Rasmus Ingebrigtsson konfirmert i 1782 - men det er ikkje den same, det er ein yngre Rasmus som budde på Lindvik.

Eg har ikkje noko belegg for at denne Rasmus Ingebrigtsson er den same som giftar seg i Borgund i 1788 - men han har ei mor som heiter Dorte Olsdotter, og ein far som heiter Ingebrigt som døyr 1762. Denne Nils Jensson er også relevant, trur eg. For under Slåttelid (som er ein liten gard med kun ein brukar) stend der ein Nils Slåttelid, med ukjend opphav. Han døyr i 1797, og kjem difor ikkje inn i FT-1801. Men han er 46 år gml. når han døyr:
Nils Slåttelids død

Det vil seie at han er fødd kring 1753 - Niels Jensson f. Lindvik var fødd i 1751. Dette kan vere den same Nils som gifte seg med enka Dorte Olsdotter. Han stend også som fadder for Ole Rasmusson, sonen til Rasmus Ingebrigtsson og Olave Hansdotter på Slåttelid.

Men kva skjedde mellom her? Og eg har jo ikkje 100% belegg for at det er den same Rasmus Ingebrigtsson frå Eid som flytte til Giske ein gong før 1788.

Så difor legg eg ut dette her på Giske-forumet; kven var Rasmus Ingebrigtsson, med mora Dorte Olsdotter, og kvifor stend han under Giske når han gifter seg?

Mvh. Gunnar[/i]

6722
Innlegg: 204
Registrert: 28. august 2005 kl. 22.17
Sted: AUKRA

Re: Rasmus Ingebrigtsen Giske - kven er han?!

Legg inn av 6722 » 15. januar 2009 kl. 1.51

Presten skriver Lien og klokkeren Giske på Rasmus Ingebrigtsen. Og på samme måten på Olava Hansdtr. også, presten skriver Nørve og klokkaren Joegård el. noko som liknar på det.

Uten å ha hatt tid til å studere så mykje dette, vil jeg tro:
Rasmus Ingebrigtsen hadde alt bygsla Slåttelia da han gifta seg, eller kanskje mora og eventuelt stefaren var kommet dit (hvis det var de du har funnet fra Nordfjord, ikke utenkelig. Austefjorden er jo ikke langt unna). Det står jo ikke i Busetnadssoga når bruket skifta bygselmann.

Olava Hansdtr. var frå Lykkja på Store Nørve i daværende Borgund, nå Ålesund. Derfor var det naturlig at de gifta seg i Borgund, bruda si hjemmekirke som lå like ved.

Siden klokkaren skriver Giske og "Jaegård/Jongård", vil jeg tro at Rasmus Ingebrigtsen var i tjeneste på Giske og Olava i tjeneste på Jangården (på 1700-tallet skrevet Jahngaarden/Jaengaard o.l) på Valderhaugstranda, i nabolaget til der far hennes kom fra. Der ute møttest de så dette var adressa som klokkeren skrev inn mens presten brukte hjemmeadressa. Jeg tror ikke Rasmus var født på Giske, jeg kan ikke i farta finne han døpt i Borgund prestegjeld som Giske låg under. Det er nok heller et blindspor etter et kortvarig opphold. Det er trulig bedre å lete i fjordbygdene og grensestrøka mot Nordfjord.

Lykke til!
Mvh Randi Ingunn

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Rasmus Ingebrigtsen Giske - kven er han?!

Legg inn av dn08004 » 15. januar 2009 kl. 2.22

Hei, og takk for svar!

Eg har vore inne på ideen om at Rasmus var i teneste på Giske, så det er godt mogleg at det er slik det heng saman. Eg skal prøve å finne ut om Slåttelid var bygsla av mor og stefar tidlegare enn 1788. I 1789 vert Steffine, dottera til Rasmus, fødd i Volda, så då er dei allereie på plass der - og ikkje i 1792, som det stend i busetnadssoga.

Er det mogleg på nokon måte å finne ut kven som har vore tenestefolk på Giske-gardane? Har det blitt ført ei skatteliste, eller eit manntal som ikkje er digitalisert eller avfotografert? Kanskje spørsmål i lause lufta, men det skadar vel ikkje å prøve! :)

Eg ser også i Voldasoga at det bur ei tenestejente frå Eid, Ingeborg Pedersdotter Roti, f. ca. 1781. Det kan vel tale Eid-teoriens sak, men er vel også berre som eit indisium å rekne... Men mange bekker små... :)

6722
Innlegg: 204
Registrert: 28. august 2005 kl. 22.17
Sted: AUKRA

Re: Rasmus Ingebrigtsen Giske - kven er han?!

Legg inn av 6722 » 15. januar 2009 kl. 16.54

Jeg skrev tjeneste, tenkte etterpå at det kunne jo også ha vært på fiske. Ser de gifta seg på senhøsten. De kan jo ha blitt kjent under vinterfiske året før.

Tror det blir vanskelig å finne dokumentasjon på tjenestefolk i 1788. Det var manntall i 1760-åra der tjenestefolka var navngitt, ellers tror jeg ikke det er noe før folketellinga i 1801. Men når Olava har oppgitt adresse Jangård, da hun skulle gifte seg, måtte hun ha noe der å gjøre. Ser mora hennes Karen Olsdtr. døde i 1759, så kanskje Olava vart sendt på oppfostring til faren Hans Hansen Valderhaugstrand sine slektninger eller bekjente. Jangård er en del av Valderhaugstrand. Olava var døpt 20.4.1755 i Borgund og da var foreldra si adresse Lykken, og det er på Stor Nørve (kalla bare Nørve).

Jeg ville ha arbeidd mer med nordfjordingene du har funnet, kanskje finne flere av den slekta, se på navn på barna og mulige oppkallinger. Dessuten er det viktig å se på hvem som var fadder på barna. Dessuten kan du jo prøve å finne når og hvor Rasmus var konfirmert. En lette i letingen kan være å bruke mormonernes database Family Search hvor man kan søke, og så gå tilbake til kirkebøkene og se om det stemmer.

Du går spennende tider i møte. Lykke til!
Mvh Randi Ingunn med 1/4 av anene i Austefjord/Nordfjord-området.

Svar

Gå tilbake til «Giske»