Kvar er Hierdal? eller Korfrå kom Pernille Pedersdtr. +1869?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Kvar er Hierdal? eller Korfrå kom Pernille Pedersdtr. +1869?

Legg inn av gj12483 » 3. august 2012 kl. 21.17

Er freistar å spora (Anne) Pernille Pedersdtr som døde på Vågnesfeta i 11. sept 1869 83½ år gamal ifylgje kyrkjeboka.

Ifylge Sulasoga si avskrift av vigselsoppslaget i kyrkjeboka kom ho frå Hierdal:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... k=298#ovre
Når eg sjølv ser på klokkarboka ser eg ikkje noko galt med avskrifta:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-143

Derimot klarer eg ikkje å finna nokon annan referanse til garden Hierdal nokon plass på Møre. Veit nokon kva gard det kan vera tale om? Eller kreative forslag? Er det rimeleg å lesa «Aurdal» frå kyrkjeboka?

Dersom det er Aurdal, finn me Pernille i FT1801 her
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =1161#ovre
Alderen her stemmer med gravferdsoppslaget i kyrkjeboka, men ikkje med vigselsoppslaget.

Sulasoga (bandet for Vågnes) skriv at ho kom frå Ørskog, men eg veit ikkje kva kjelde det er bygd på. (Ja, kanskje eg burde ha posta på Ørskog-gruppa i staden. :-)

Er det nokon som veit noko meir? Om henne eller om garden?
Er det rimeleg å tru at eg har funne rett Pernille i FT1801?

:-- Hans Georg

dn09334
Innlegg: 3545
Registrert: 27. mai 2007 kl. 13.55
Sted: BODØ

Re: Kvar er Hierdal? eller Korfrå kom Pernille Pedersdtr. +1

Legg inn av dn09334 » 3. august 2012 kl. 21.39

Hvor finner du henne i Ft1865?

gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Re: Kvar er Hierdal? eller Korfrå kom Pernille Pedersdtr. +1

Legg inn av gj12483 » 3. august 2012 kl. 21.55

Holsfeta:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2118#ovre

Det var overraskande. Ifylgje Sulasoga var ho og mannen nemnde Vågneset frå giftermålet.
Uansett. Det var mannen Knut som kom frå Holen, og det hjelper oss ikkje til å finna opphavet hennar.

Det som derimot hjelper er at FT1865 stadfestar fødestad i Ørskog prestegjeld, so det var ein god idé å slå opp sjølv om eg trudde eg visste kvar ho var då :-) Takk for tipset.

:-- Hans Georg

gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Re: Kvar er Hierdal? eller Korfrå kom Pernille Pedersdtr. +1

Legg inn av gj12483 » 3. august 2012 kl. 21.57

Holsfeta:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2118#ovre

Det var overraskande. Ifylgje Sulasoga var ho og mannen nemnde Vågneset frå giftermålet.
Uansett. Det var mannen Knut som kom frå Holen, og det hjelper oss ikkje til å finna opphavet hennar.

Det som derimot hjelper er at FT1865 stadfestar fødestad i Ørskog prestegjeld, so det var ein god idé å slå opp sjølv om eg trudde eg visste kvar ho var då :-) Takk for tipset.

:-- Hans Georg

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Kvar er Hierdal? eller Korfrå kom Pernille Pedersdtr. +1

Legg inn av gj09903 » 3. august 2012 kl. 22.20

Det står tydeleg Ourdahl i ministerialboka ved vigsla. Det vil då seie Aurdal i Sykkylven. Sykkylven høyrde på denne tida til Ørskog prestegjeld: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-50

gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Re: Kvar er Hierdal? eller Korfrå kom Pernille Pedersdtr. +1

Legg inn av gj12483 » 4. august 2012 kl. 10.13

og der var ho jaggu 32 år og ikkje 23 òg...

tusen takk for hjelpa

Svar

Gå tilbake til «Sula»