Inger, kona til Hans Castensen Lille Fylling – kva er rett?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Inger, kona til Hans Castensen Lille Fylling – kva er rett?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 22. mars 2013 kl. 16.24

I Skodje II side 484 står:
Hans Carstensen Lille Fylling f. ca. 1655-1741, g. med Inger Paulsdtr. f. ca. 1655-1720.
Når eg ser i kyrkjeboka for Skodje/Borgund gravfesta i 1720 kan eg ikkje finne henne.
Derimot finn eg ei Inger Pedersdatter lille Fyllingen gl. 65 aar gravfesta i 1721.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-137
Finn ingen andre med namnet Inger Pedersdotter Lille Fylling i Skodje II. Eg vil tru at denne Inger døde i 1721. Kvar bygdebokforfattaren har Paulsdtr. frå veit eg ikkje. For meg ser det ut som det er mest rett å skrive Inger Pedersdotter f. ca 1656, død 1721.
Er det nokon som veit?

Svar

Gå tilbake til «Skodje»