Aurdal i Sykkylven

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Aurdal i Sykkylven

Legg inn av Kai Olger Løseth » 11. november 2018 kl. 13.50

I Gardssoga for Sykkylven side 306, under Aurdal, står:
Hans Jakobsen Aurdal (f. ca. 1650, d. ca. 1715). Etter tradisjonen skulle han vere gift med ei Anne Olsdtr. Solnør.
Og side 308:
Hans Pedersen Aurdal br. ca. 1631- ca. 1675, er son til lensmann Peder Olsen, og var 70 år i 1666. Han brukar 4 mællag i 1642, men legg frå ca. 1645 landskyld for 4 pd. fiskel. I 1667 eig han eit jordegods på 1 ½ våg 18 mrk., og må ha vore ein velståande mann. Han skattar i 1658 av ein buskap på 2 hestar, 20 kyr, 12 geiter, 28 sauer og 2 oksar. Hans er lagrettemann i 1655. Truleg g. m. Anne Olsdtr. Abelset, syster til lensmann Lars Olsen Abelset.
Der er altså to Anne Olsdtr. som vert gift inn i den gamle Aurdalslekta.
Hans Pedersen er bror til Hans Jakobsen sin farfar. Dei to Anne Olsdtr. er også i slekt. Anne Olsdtr. Abelset er farsøster til Anne Olsdtr. Solnør.
Anne Olsdtr. Abelset er dotter til Ole Jonsen Abelset, som det var skifte etter i 1653, og der ei av døtrene er Anne Olsdatter Offuerdal.
Det eg lurer på om nokon kjenner til dokumentasjon på at Anne Olsdtr. gift med Hans Jakobsen Aurdal er dotter til Ole Olsen Abelset/Solnør
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Mvh
Kai L.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Aurdal i Sykkylven

Legg inn av Kai Olger Løseth » 3. mai 2020 kl. 22.28

Eg har leita vidare i diverse kjelder i håp om å finne svar på spørsmålet:

Var Hans Jakobsen Aurdal gift med Anne Olsdotter Solnør?

I primærkjeler meiner eg å ha funne tre indiser på det:

1) Ut frå denne diskusjonen hadde Hans Jacobsen ei dotter som heitte Maren. Ho kunne vere oppkalla etter mormora Maren Eriksdotter Solnør:
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=150184

2) I skiftet etter Maren Eriksdotter Solnør i 1691 er Hans Ofuerdale ein av dei ho har skuld til, 6 riksdalar, og han får 6 riksdalar I en Jern Kachelovn. Det tyder på samkvem mellom Aurdal og Solnør. Side 37a:
https://www.digitalarkivet.no/sk20090123670049

3) I ei tingbok frå 1690 finn eg ei sak der Maren Eriksdotter Solnør er part, men som for sin suaghed ey self kunde møde paa tinget. Ho har fått to menn til å tale saka si: Hanß Jacobsen Ofuerdal oc Olle Jonsen Nederschodie. Ole Jonsen er frå nærområdet. Men kvifor Hans Jakobsen Aurdal i Sykkylven? Kanskje var han svigerson? Side 97a:

https://www.digitalarkivet.no/rg20090514640698
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Sykkylven»