Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736

Legg inn av dn08004 » 7. mai 2011 kl. 18.29

Hei!

Eg har leita etter Elen (Eli) Pedersdotter, angiveleg frå Tryggestad i Sunnylven, men utan hell. Ho gifta seg med Jens Andersson i Borgund 27.3.1769.

Dei fekk to born, der den eine vaks opp:
1. Birte, døypt 21.5.1769, fødd i Urvika på Sula (Borgund).
2. (Birte) Malene, døypt 14.1.1774, fødd på Flisholmen i Borgund. Ho kom seinare til Åslida i Austefjorden, Volda, og sette familie der.

Elen blir gravlagd 6.12.1786 på Eikenosvågen, der ho og Jens budde.
Skifte etter Elen: 10.2.1787.

Eg skulle gjerne visst kven som er hennar foreldre, ettersom der er fleire Peder på Tryggestad i det aktuelle tidsromet (dog dei kanskje er litt for gamle). Er det nokon som kan hjelpe meg? Eg har også problemer med å finne bakgrunnen til ektemannen Jens Andersson, sjølv om kyrkjeboka seier under vigsla at han tidlegare har budd i "Hareids sogn".

Tusen takk!

Gunnar

Brukeravatar
Remi Trygve Pedersen
Innlegg: 1758
Registrert: 7. desember 2004 kl. 4.14
Sted: KONGSBERG

Re: Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736

Legg inn av Remi Trygve Pedersen » 8. mai 2011 kl. 14.46

Noe jeg tror du først må finne ut av er at det er de riktige hendelsene du har funnet. Navnene er veldig forskjellige uten at jeg ser du har kommet med en mulig forklaring. Nå har ikke jeg lest skiftet, så der kan det stå mer enn jeg aner.

Vielsen: Jens Andersen, Elen Pedersdatter Tryggestad.

Elis død: Jetmund Ekonaasvogen, Eli Gunnersd.

Elies skifte: Jetmund Amundsen, Elie Pedersdatter

Trolovelsen finner du her: Øverst venstre side, men det ga ikke så mye mer opplysninger.
Remi Pedersen
"Don't be afraid of my Phoenix. He will burn up (but will be reborn from the ashes)."

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736

Legg inn av dn08004 » 8. mai 2011 kl. 19.02

Takk for svar!

Eg har stussa på den Eli Gunnersd., for Elen (Eli) Pedersdotter giftar seg med Jetmund Amundsen Stadsnes etter Jens Andersens død - det burde eg sjølvsagt opplyst om.
Truloving i Borgund, 2.7.1785
Vigsle i Borgund, 22.11.1785

Gunnersd. må nok vere ein skrivefeil/feilkopling frå prestens side. Det kan jo vere at Gunnar/Gunner/Gunder kan vere eit Elens fars patronymikon, men det er heller tvilsamt i eit ekteskap nr. 2. Dei vert buande på Eikenosvågen. Men hovudspørsmålet mitt er om opprinninga hennar, og forsåvidt Jens Andersens opprinning også.

Svar

Gå tilbake til «Stranda»