Rasmus Pedersen Langlo 1685 – 1758. Kva heitte Kona?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Rasmus Pedersen Langlo 1685 – 1758. Kva heitte Kona?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 5. november 2018 kl. 19.09

I Stranda – Bygdebok lll, 1996 side 360, om person 300 Rasmus Peders. Langlo står at han var fødd 1685, død 1758. Eg finn han innførd i kyrkjeboka Stranda, gravfesta 13. jan 1759, side 957:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610674
Vidare står i Stranda – Bygdebok lll at kona hans var Anne Hans. Aurdal, Sykkylven, Aurdal f 1697 d 1777. Eg har leita, men finn ikkje gravfestinga innførd det året.
I Gardssoga for Sykkylven, bd l, side307 11. og12. linje ovanfrå ser ein at ei dotter til Hans Jacobsen Aurdal er gift med Rasmus Pedersen Langlo. Fornamnet, om det er Anne, står ikkje. Det er vist til ei innføring i tingboka 1714:
Nederst side 74b og øverst side 75a:
http://arkivverket.no/URN:rg_read/31106/76/

Syfver Knudsen lod forkynde sit Skiøde paa 2 Mell. 2 Mrk fisk
udi Nedrelande, som Arne ibid. bruger, item 1 ½ Mell.
fisk udi Øfrefurset, som Tosten ibm. bruger, hvorfor er
skeed fornøjelig Betaling, samme Skiøde er udstæd af
han Verfader Hans Jacobsen Ourdal Daterit
5 february 1714
Rasmus Pedersen Langloe lod forkynde sit Skiøde paa 4 Mell.
4 Mrk fisk Oddelgodz udi Nedrelande, som Ole ibm. bruger
og beboer, hvorfore er skeed fornøjelig betaling.
Samme Skiøde Daterit 5 february 1714 og udgivet af hans
Værfader Hans Jacobsen Ourdal.
Hans Arnesen lod forkynde sin Bøxelseddel paa 2 Mellag
2 Mrk fisk udi Nedrelande, Daterit 5 february 1714
og udstæd af Syfver Knudsen Ourdal


Det eg er på jakt etter er om det finst dokumentasjon på fornamnet henner.
Kan gravfestinga finnast?
Mvh
Kai L.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Rasmus Pedersen Langlo 1685 – 1758. Kva heitte Kona?

Legg inn av gj09903 » 5. november 2018 kl. 22.24

Eg har ikkje noko endeleg svar, men om ho var i live på Langlo ved ekstraskatten i 1762, så måtte ho vel vere den Maren Hansdtr. som er nemnt som "Andre hos sig havende Folk" hjå Peder Rasmussen Langlo (som skal vere sonen hennar): https://www.digitalarkivet.no/rk10041201041184

Dei to eldste døtrene til Peder heitte Maren og Marte. Marte er oppattkalla etter mormora.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Rasmus Pedersen Langlo 1685 – 1758. Kva heitte Kona?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 5. november 2018 kl. 23.00

Tusen takk!
Det må vere eit godt tips. Sonen Peder hadde ifølgje Strandaboka tre døtre, men ingen av dei vart kalla Anne.
Mvh
Kai L.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Rasmus Pedersen Langlo 1685 – 1758. Kva heitte Kona?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 5. november 2018 kl. 23.23

Eg leita i KB Stranda, og i 1768 finn eg:

Sept d 19 begravet Maren Hansdatter, Enke efter Rasmus Pedersen Langloe gl 79 1/2 Aar:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070830660221

Blink igjen til Inge Asbjørn!
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Stranda»