Kari Olsdotter Ringdal – hennar opphav

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Kari Olsdotter Ringdal – hennar opphav

Legg inn av Kai Olger Løseth » 13. august 2014 kl. 21.56

I Stranda-Bygdebok lll står at enkja Kari Olsdotter Ringdal vart gift 2. gong med Hans Hansson Ringstad. (Myklebust s.301).
Men kven var foreldra til Kari? På Geni har eg funne at mor hennar er Gjøri Toresdotter Møll, men der er ingen kjelder oppgjevne. Og kvaliteten på Geni er som kjendt varierande.
I Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt under Ringdal s. 417 finn eg dette:
Ole Abrahamsson er g. m. Gjøri Torsdotter Møll. Ho hadde vore gift ein gong før med ein Ingebrigt. Vi har funne nemnde desse borna hans Ole: 1) Knut, gift på Kjellstad med enkja etter Børre Abrahamsson. 2) Ole, vart også Kjellstadmann. Så vert borna ho fekk med Ingebrigt nemnde. Til slutt står: Eit skifte i Geiranger 1728 viser at ho har hatt tre born til, men vi har ikkje funne namn.

Er det nokon som har funne ut kva som er rett her?

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Kari Olsdotter Ringdal – hennar opphav

Legg inn av gj09903 » 13. august 2014 kl. 22.37

Gjøri Thoresdtr. Møll var gift 3 gonger.

Ho hadde 7 born i 3 ekteskap.

I 1. ekteskap Ole Olsen (Kjellstad) og
Knud Olsen (Kjellstad) g.m. Anne Rasmusdtr. Kirkhorn

I 2. ekteskap Thore Ingebrigtsen (Lille-Ringdal) og
Eli (Elen) Ingebrigtsdtr. g.m. Peder Andersen Tronstad

i 3. ekteskap Christi Olsdtr. g.m. Endre Stephensen Bjørdal,
Karen (Kari) Olsdtr. g.m. Hans Hansen Ringstad, på Myklebust og
Maren (Mari) Olsdtr. g.m. Aschild Olsen Hellesylt

Dette kjem fram gjennom eit skifte i Tafjord i 1728 etter Gjøri sin bror, Peder Thoresen: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24551/542/

5 av desse 7 borna er mellom anene mine, så her kan det vel seiast å vere noko inngifte....

Den 3. ektemannen heitte Ole Abrahamsen, i følgje manntalet frå 1701.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Kari Olsdotter Ringdal – hennar opphav

Legg inn av Kai Olger Løseth » 13. august 2014 kl. 22.57

Takk for alle desse "harde fakta", Inge Asbjørn. Skiftet du viser til er ei gullgruve når det gjeld slektsopplysningar! Eg har skumma fort gjennom arvingane, men får finlese seinare.
Eg fann eit skifte i Geiranger 1728, men det gav ingen svar.

Helsing Kai

Svar

Gå tilbake til «Stranda»