Johannes Olsen Holsækre eller Wattø? 1801

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Johannes Olsen Holsækre eller Wattø? 1801

Legg inn av dn14369 » 6. januar 2009 kl. 21.33

Han var far til Oline Gurine døypt 1.2.1818, her:
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660531.jpg
gift på Logva 23.5.1819 - eller er det dei same?
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660475.jpg
'Anne Arnesd'. blir gift som 'Ane Margrete Malene Larsd.' Det ser litt rart ut.

Nokon som kan peike ut Johannes Olsen i 1801-teljinga, eller identifisere foreldre i Ulstein? Holsækre? Wattø?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Johannes Olsen Holsækre eller Wattø? 1801

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 7. januar 2009 kl. 0.47

aaa... eit innlegg om Ulstein ... - det er det første. Gratulere.


I vigsla står det Watøe og dåpsdato 21/8 1791. Vi finn han att her
http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?sl ... &storleik= , med far Ole Serkveson ("Serqvesen"), nr. 5 i lista.

Bygdeboka (Ulstein og Hareid bd.4 s. 639, Vattøy) har ein
Ole Serkveson Garshol, frå Garshol 4, f. 1727
g. Synnøve Jakobsd.
Boka fortel at i eit skifte på Svora (i Ulstein) 1756 er Ole nemnd og at han bur på Vattøya. (Det er dette som knyter honom til Garshol, jf. s. 216, Garshol, i tillegg til skifte etter Serkve Garshol i 1752.)
Vidare at Ole og Synneve er nemnde i 1762 (venteleg ekstraskattemanntalet).
Men denne Ole var død seinast 1778 (kjelda er ei sak på tinget).
Ingen barn er nemnde (men bygdebokskrivaren kjende ikkje til kjelda ovanfor).

Det kan vere at bygdebokskrivaren har feil år, eller knyter feil mann til saka på tinget;
eller så var det endå ein Ole Serkveson på Vattøya - som levde i 1791.


Om du no skulle tru ting hadde ordna seg.... Det er ein Ole Sekveson på Holseker også,
b.3 s. 599. Han er frå Liaset (Hareid b.5 s. 409) og f. 1756 (ifl eit skifte i 1770), brukar på Holseker frå 1781, men truleg ikkje særleg mykje lenger enn til 1785, meiner dei (sak med eigaren).
Kone og born er ikkje nemnde i bygdebøkene, berre at i 1801 er han gift 1 gong, og bur som tenar på Pilskog.
I listene i vev-boka ovanfor er han far til ein Jacob f. 1783, og kanskje til ein Jon fødd på Liaset 1796 og d. 1800. (Det _kan_ vere endå ein annan Ole Serkveson som er far.)

På Holseker er det ein Ole til (s. 604), Ole Ellingson, g. Anne Olsd. Ytreflø, nemnde 1762. Elles veit dei ikkje stort meir.
Ingen andre Ols-søner er fødde på Holsker i listene ovanfor.


I 1801 var det berre ein Ole Serkveson i Ulstein prg. (45 år, gift, tenar på Pilskog, kone eller born ikkje nemnde der).

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Johannes Olsen Holsækre eller Wattø? 1801

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 7. januar 2009 kl. 1.09

På Øvrelid i 1801 er det ein Johannes Olsson, 9 år, saman med mora Kanutte ("Canuta") (50 år, gift)
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =1101#ovre

Dette er den einaste Johannes Olsson i høveleg alder i Ulstein prg. Ei tenkjeleg - men på ingen måte underbygd - forklaring kan vere at Ole Serkveson på Pilskog er far og mann til Johannes og Kanutte på Øvrelid (det er ikkje så langt unna). - og at dei har hatt eit opphald på Vattøya eit tiår tidlegare, etter at dei måtte flytte frå Holseker.

Svar

Gå tilbake til «Ulstein»