Jan Jonassen Røvehammar f. 1812

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn25062
Innlegg: 6
Registrert: 20. oktober 2010 kl. 18.46
Sted: SYLTE

Jan Jonassen Røvehammar f. 1812

Legg inn av dn25062 » 23. oktober 2010 kl. 14.05

Etterlyser opplysningar om Jan Jonassen Røvehammar (Husmannsplass under Torvik 1) i Vanylven. Han er fødd i 1812, men eg finn ikkje ut meir om han etter folketeljinga frå 1865. Då budde han på Røvehammaren.
Nokon som kan hjelpe?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Jan Jonassen Røvehammar f. 1812

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23. oktober 2010 kl. 15.13

Ifl. bygdeboka (R.E.Sæter) kom det ny brukar på plassen i 1871. Det er ikkje tinglyst noko om overtakinga under Torvik (Jan fekk tinglyst plassetel - og deretter er det ikkje noko før i 1890-åra, 2-3 brukarar seinare).

Du har sikkert sett etter i 1900-folketeljinga (?). 1875-teljinga er ein opplagd stad å leite, men då må du nok til Trondheim... (eller vente ein del år før teljinga er dataregistrert).

Sannsynleg budde Jan anten på Røvehammaren eller hjå eitt av barna til han døydde. I begge tilfelle står han som gravlagd i Vanylven. Alternativt kan det tenkjast at andrekona (g. 1855) hadde barn frå eit tidlegare ekteskap (det må du finne ut), og at dei flytta dit. Dersom du ikkje finn han i 1900, har du 30 år å leite gjennom (eg ville byrja med 1870). Legg merke til at i den første boka (frå 1868) står "Opholdssted", som kan vere noko anna enn Torvik/Røvehammar.

dn25062
Innlegg: 6
Registrert: 20. oktober 2010 kl. 18.46
Sted: SYLTE

Re: Jan Jonassen Røvehammar f. 1812

Legg inn av dn25062 » 23. oktober 2010 kl. 16.01

Takk for svar!
Eg har leita i alle tilgjengelege kjelder som du nemner (han står ikkje i 1900-teljinga, nei), og han er ikkje gravlagd i Vanylven sokn, og heller ikkje i Syvde sokn (Magnhild, den andre kona hans var frå Landsverk). Magnhild hadde forresten ei einaste dotter som vaks opp, Anne, frå fyrste ekteskapet, men ho utvandra til Amerika, truleg eingong etter 1860.
Eg meiner at eg har høyrt at Jan hadde vore i Amerika tidlegare, og at han plasserte ungane utover hos andre medan han var vekke (dottera Petrikka er mi tippoldemor). Men kan eg ha blanda dette ihop med at han faktisk utvandra på sine eldre dagar saman med stedottera? Veit du kvar kan eg finne kjelder om utvandringa i Vanylven?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Jan Jonassen Røvehammar f. 1812

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23. oktober 2010 kl. 17.39

har du sett i utflyttar-lista i kyrkjeboka?

dn25062
Innlegg: 6
Registrert: 20. oktober 2010 kl. 18.46
Sted: SYLTE

Re: Jan Jonassen Røvehammar f. 1812

Legg inn av dn25062 » 23. oktober 2010 kl. 17.41

Det kan eg gjere! Takk for tipset.

dn25062
Innlegg: 6
Registrert: 20. oktober 2010 kl. 18.46
Sted: SYLTE

Re: Jan Jonassen Røvehammar f. 1812

Legg inn av dn25062 » 23. oktober 2010 kl. 21.00

Jan Jonassen og hustru Magnhild Jakobsdotter utvandra til Amerika i mai 1871, to år etter dottera Anne. Flott med alle trådar som vert nøsta opp. Takk!

Svar

Gå tilbake til «Vanylven»