Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 1802

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 1802

Legg inn av dn07176 » 16. juli 2017 kl. 23.53

Eg har ramla over ein ny laus Dyblie-tråd i Kristiansund:

Ungekl: Lars Andreas Fred.søn Dyblie, 36 år, vart 29. juli 1839 gift i Hemne med Enke Margrethe Knudsdatt: Dahlen, 46 år. (link)

Desse kan finnast att i FT1865 på Bakken i Hemne:
Lars Dyblie, 70 år, f. Hitteren. Logerende
Margrethe Knudsdatter, 70 år, f. Hevne, hans Kone


Margrethe død i 1867, men Lars er å finne i FT1875, som legdslem på Vaage i Hemne:
Enkemand Lars A. Fredriksen Dyblie, f. 1802 i Christiansund. Lægdslem, vedhugger

Det er altså her opplysninga om Kristiansund som fødestaden kjem opp, medan det i 1865 er oppgitt til å vere Hitra. Eg har gått gjennom kyrkjebøkene for Kristiansund og Hitra kring dette tidspunktet, og finn i grunnen berre ein passande kandidat:
Døbt 2. april 1801: Lars Andreas, født Marti 28, uægte. Foreldre: E. Ane Marie Olesdatter. Far er ikkje oppgitt.

Det er eit par andre Lars Andreas døypt i Kristiansund dette tidsrommet, men ingen med Fredrik som (mulig) far. Er det mulig å finne ut kven denne Ane Marie Olsdatter var? Den einaste eg får opp i 1801-telling med namn Anne Marie (Olsdatter) er anten gift eller for unge...
Sist redigert av dn07176 den 17. juli 2017 kl. 17.02, redigert 2 ganger totalt.

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6466
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av Astrid Mollan » 17. juli 2017 kl. 0.21

Astrid M

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av dn07176 » 17. juli 2017 kl. 16.40

Mange takk for linken. Eg hadde heilt glømt av at eg har vore innom denne samlinga før i samband med andre ting i Kristiansund, eg fann til og med ein lagra snarveg når eg leita litt.

Den aktuelle sida om Fredrik Dyblie inneheld ein del nytting informasjon om det forretningsmessige kring opphaldet hans i Kristiansund, men diverre lite om det slektshistoriske (der det i tillegg er enkelte feil).

Eg held det for ein god teori at overnemnte Lars Andreas Fredriksson Dybli er ein uekte son av den seinare handelsmannen, ei "ungdomssynd" om ein vil. Eg finn det litt spesielt at faren ikkje er nemnt ved dåpen (som eg no ser eg heilt gløymte å linke til over). Det ser imidlertid ut til at dette var vanlegt praksis ved "uekte" born. Han kan uansett ikkje vore lyst i kull og kjønn, da han ikkje er nemnt ved skiftet etter Fredrik Dyblie i 1820.

Dette vil i sa fall ikkje vere det einaste uekte barnet han hadde. Ei dotter, Johanna Henrika vart døypt 17. nov. 1804 med mor Anna Erichsdatter - klarer nokon å tyde kva som står etter Erichsdatter?

Brukeravatar
Else Berit Rustad
Innlegg: 18145
Registrert: 3. november 2006 kl. 9.10

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av Else Berit Rustad » 17. juli 2017 kl. 21.04

Håvard skrev:Dette vil i sa fall ikkje vere det einaste uekte barnet han hadde. Ei dotter, Johanna Henrika vart døypt 17. nov. 1804 med mor Anna Erichsdatter - klarer nokon å tyde kva som står etter Erichsdatter?


For meg ser det ut som Johanne Henr. ble døpt 17. mars??

Morens navn leser jeg som Anna Ericsdatter Ammer. Rart ikke barnefaren står nevnt ved navn.

Mvh
Else B.

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av dn07176 » 17. juli 2017 kl. 21.56

Takk Else. Du har heilt rett, det skulle vere 17. mars. og namnet ved dåpen les eg òg som Johanne Henr. Her har eg namnet Johanna Henricka frå ei seinare kjelde. Same kjelde (Johanna Henricka sin konfirmasjon i Trondheim 4. okt. 1818) oppgir då mora som Christianna, gift Qualvaag.

Det verkar diverre som om det var vanleg praksis frå den som ført kyrkjeboka her på denne tida å ikkje oppgi fedrene til uekte born.

Ammer kan stemme bra med det som er skrive. Eg find ingen med det namnet, men derimot er det vel folk med namn Hammer i byen...

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6466
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av Astrid Mollan » 17. juli 2017 kl. 23.42

Strøket
Astrid M

Brukeravatar
Jonny Lyngstad
Innlegg: 332
Registrert: 5. desember 2004 kl. 10.20
Sted: LYNGSTAD

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av Jonny Lyngstad » 14. august 2017 kl. 9.22

Her har du dåpen til Lars Andreas i innførselen for hva som skjedde hver dag:

https://media.digitalarkivet.no/kb20050706031144

Først ble en Ole Eriksen utlagt som far, men dette er strøket over og Fredrik (Frideric) Dyblie ble ført inn som far.

Likedan har du innførselen til Johanna Henrikka f. 2. mars og døpt 17. mars.
https://media.digitalarkivet.no/kb20050706031159

Mora var amme Anna Eriksdtr. og faren Fredrik (Fredric) Dyblie.
Bak Anna Eriksdtr. i registeret står det amme og ikke ammer.

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av dn07176 » 14. august 2017 kl. 16.33

Mange takk for linkane til dette. Eg tenkte ikkje på å sjekke om det stod noko i kronologisk liste.

Eg prøver å lese det som er strøket ut frå dåpen til Lars Andreas der, etter "Barnefader udlagt er ved Navn": "Peder ?? ?? Navn ved Manden Ole Ericsøn af Indlandet". Er det ikkje Peder som fyrst vart utlagt til barnefar, og Ole Eriksson som har "lagt ut" om forholdet?

Brukeravatar
Jonny Lyngstad
Innlegg: 332
Registrert: 5. desember 2004 kl. 10.20
Sted: LYNGSTAD

Re: Lars Andreas Fredriksson Dyblie, f. i Kristiansund ca 18

Legg inn av Jonny Lyngstad » 14. august 2017 kl. 23.11

Det står:

"Barnefader udlagt en ved Navn Peder uden Faders Navn ved Manden Ole Ericssøn af Indlandet"

Jeg las det ikke skikkelig. Du har rett.

Svar

Gå tilbake til «Kristiansund»