Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj12016
Innlegg: 49
Registrert: 2. januar 2011 kl. 12.20
Sted: LYE

Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Legg inn av gj12016 » 2. januar 2011 kl. 17.03

Jens Olson Roti f. 1780 og Anne Margrethe Andersdatter Grothoug f. 1775.

Når det gjeld Anne Margrethe, har eg berre funne at mora heitte Margrethe (folketeljing Grothoug 1801).

Jens sine foreldre heitte Ola Roti og Lisbet Ytre- Svor. Ola sine foreldre heitte Jens og Anne og Lisbet sine Jetmund og Lisbet.

Er interessert i om nokon har fleire namn bakover og alle årstal av div. hendingar er av interesse både av dei eg har nemnt her og evt. eldre generasjonar.

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Legg inn av 19879 » 2. januar 2011 kl. 17.46

Hei!
Dette blir eit langt lerret å bleikja. Det lettaste for deg ville vera å låna bygdebøkene for Eid og Gloppen. Men lat meg prøva litt.

Roti,br.nr.5 Solbakken.

Jens Olsen,sk.1728 på 2 pd.,d.81 år g.1778,gm.Anne Arnoldsd. d.78 å.g.1771.
(Anne var frå Fitje i Gloppen,meiner eg) Vidare med førre brukar:

Ola Pedersen, br.4 pd.i 1692, d.73 å. g.1739, gm.1)Gunhild Ingebrigtsd.Lid,
2) Brite Rasmusd.,d.54 å.g.1742. Rasmus Fitje og Eirik Hauge i Gloppen var søner
etter Ola.

Brukaren framfor: Peder Olsen, f.1630,br.2 pd.8mk. frå 1652,etter 1674 4 pd.odelsjord.
Tidlegare brukar: Ola Rasmussen, br.1620-1652,gm. Gjønette.
Den første som er nemnd er Rasmus Ødegårdsmand, br.1602-1625.
Så langt bygdeboka for Eid ved J.Aaland og Edv. Os, side 196.

Så går vi over til Bygdebok for Gloppen og Breim b.III, side 53:

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Legg inn av 19879 » 2. januar 2011 kl. 18.15

Indre Fitje, br.nr.1 Perbruket

Arnold Anderssen Rauset,f.ca.1680,d.1716, g.0512 1705m. Ragnhild Olsd. Fitje, d.1757.
Førre brukar:
Ola Rasmussen, d.70 år g.1718,brukte før 1680 3 pd.16 mk. G.m. 1: Anne Andersd.,d.65 år g. 1706.G. 2: 1709 m. Anne Jonsd. Holvik, d.1736-38. Vidare tilbake:

Rasmus Olsen, d.79 år g.1691, brukte 1624 1 1/2 laup som Didrik Kr. Wittrup hadde i pant.
Samtidig selde han Sjøkringla og Elvebakk til Didrik. G.m. Ragnhild Jakobsd.,d. før 1686.
Vidare:

Oluf Hanssen, brukte før 1609 1 1/2 laup. I 1626 pantsette han Sjøkringla og Elvebakk til
Christen Søfrensen Wittrup for skuld. Han åtte 1 1/2 laup..Dottera Magdeli vart g.m. Rasmus Ibsen Burkne,Selje.
Første nemnde brukar var:
Hans,brukte før 1602 halve garden. Sonen Kristoffer var busett på Felde( i Breim).

Så går vi til Rauset,br.nr.1 Storstabruket i Gloppen.

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Legg inn av 19879 » 2. januar 2011 kl. 18.32

Soga om Gloppen og Breim III, s 146.
Foreldra til Arnold var: Anders Nilssen, f.kr. 1648, d.1727,brukte i 1695 1 pd.13 1/2 mk.prestebolgods. G.m.Marte Arnoldd.,d.74 år g.1726. Førre brukar:

Nils Abelsen,brukte før 1648 9 mk.2 mæle korn og 1 sau = 2 pd.3 mk. Sonen Abel drukna 24 år gl.1699.

Førre brukar:
Abel Nilssen, brukar før 1602. Han brukte i 1638 2 mæle korn, 1/2 laup.Av desse var 1/2 laup prestebolgods. I 1624 åtte han 1 pd. odelsgods i Sande. Han var godt skrivekunnig.
G.m. Malena, som er nemnd i 1646,saman med borna Kristen, Anne og Anders.

Dette får greia seg.

Mvh. Einar

gj12016
Innlegg: 49
Registrert: 2. januar 2011 kl. 12.20
Sted: LYE

Re: Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Legg inn av gj12016 » 2. januar 2011 kl. 21.13

Tusen takk! :-)

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Legg inn av 19879 » 3. januar 2011 kl. 19.22

Så var det morsslekta.
Grøthaug i Hornindal (Etter Aaland og Os: Eid og Hornindal):

Ola Knudsen Sætre frå Stryn bygsla i 1751 br.nr.1 Grøthaug,d 32 å.g.1761,g 1305 1753 m.
Margrethe Andersd.Kirkeide, d.90 å.g.1822. I buet etter Ola var m.a. 64 rdl.i reide pengar,
noko sylv,mykje kle o.y.a.

Neste brukar: Anders Poulsen Taraldset bygsla i 1763, d.66 å.g.1788, g.1810 1762 m.
Margrete Andersd.Grødhoug, enkja etter OLa. Buet etter Anders var verdt 385 rdl.
Der var m.a. ein gullring mrk.DOD, halvparten av ei gylt sølvbrurekrune, eit gylt sylvbelte med 19 støytar,to plater,spenne og sprote, eit Agnus Dei med kjede , fem sylvskeier o.a.

Neste brukar var frå første ekteskap: Ola Knutsen, o.s.v. etterkomarane hans.

Taraldset br.nr.2 Povel Olsen, br.1709, d.68 å.g.1752, g.m.Anne Andresd. Fannemel.
Far hans: Ola Gregoriussen, f.ikr.1641, br.1686 det same.

Fannemel,br.nr.1 brukar 1680,Anders Pedersen ,g.m. Anne Rasmusd. Lødhorn, d.1714.
Dei åtte m.a. belte, kjede og skeier av sylv. Mvh Einar

gj12016
Innlegg: 49
Registrert: 2. januar 2011 kl. 12.20
Sted: LYE

Re: Jens Roti og Anne Margrethe Grothoug

Legg inn av gj12016 » 3. januar 2011 kl. 21.08

Hei Einar,

takk for all hjelp! :-)

mvh Renate

Svar

Gå tilbake til «Eid»