Ole Rasmusson Humborstad (?) og Pauline Andersdotter Orheim

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
dn31163
Innlegg: 2
Registrert: 8. januar 2016 kl. 14.51
Sted: LAUVSTAD

Ole Rasmusson Humborstad (?) og Pauline Andersdotter Orheim

Legg inn av dn31163 » 8. januar 2016 kl. 15.12

Hei! Min tippoldefar var Rasmus Olai Albert Olsson Bakke, han var fødd 23. september 1879 og vart døypt i Davik sokn: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 310015.jpg (nr. 72). Han var ikkje gift med tippoldemor mi og har ikkje blitt snakka om i særleg grad - faktisk så lite at mor mi og syskjena hennar ikkje visste at bestefar deira var fødd utanfor ekteskap før eg fann det ut. Tippoldemor mi vart seinare gift med ein annan, og oldefar min tok etternamnet etter stefaren sin, så det er ingen spor etter Rasmus sitt namn i etterslekta hans, som no er ganske talrik. Men han er nemnd som far til oldefar min både i bygdeboka for Vanylven (der det står at han er frå Bryggja) og i kyrkjeboka (der det står at han bur i Kjølsdalen).
Det som er vanskeleg er at også Rasmus var fødd utanfor ekteskapet, i tillegg at presten i Davik i 1879 skriv nokså rotete. Foreldra hans er nemnde som "Ungkarl Ole Rasmussen Humberstad (?) og Pige Pauline Andersdtr. Orheim". Og her stoppar alle spor for min del. Det står nedkrota ein alder rundt foreldra sine namn, eg tolkar det som at Ole er 26 og Pauline 27 i 1879, men eg finn dei ikkje att i kyrkjebøkene i perioden dei då skulle vore fødde og døypte. Det kan sjølvsagt vere at ingen av foreldra er fødde i soknet eller på gardane Orheim eller Humborstad, men at dei tenestegjorde der då Rasmus vart fødd. Eller at alderen eg har gått ut frå er heilt feil.
Finst det noko bygdebokverk for dette området, eller er det nokon som har eit tips til kva eg kan gjere vidare?

gj06787
Innlegg: 197
Registrert: 9. april 2008 kl. 23.24
Sted: HAFRSFJORD

Re: Ole Rasmusson Humborstad (?) og Pauline Andersdotter Orh

Legg inn av gj06787 » 8. januar 2016 kl. 18.50

Hei

På fylkesarkivet sine sider finner jeg Ole og Pauline som gift i 1881.

http://www.fylkesarkiv.no/side/s%C3%B8k ... p?lang=nor

gj00900
Innlegg: 299
Registrert: 3. mars 2005 kl. 13.28
Sted: FYLLINGSDALEN

Re: Ole Rasmusson Humborstad (?) og Pauline Andersdotter Orh

Legg inn av gj00900 » 9. januar 2016 kl. 4.20

Forældre til Ole Bertel f. 1850 er Rasmus Jørgensen Humborstad 1818-1891 gift 1842 med Christi Olsdtr. Humborstad 1818-1899, bruk nr 16 Humborstad. Forældre til Pauline Andersdtr. Orheim er Anders Poulsen Mystad Husmand 1821-1884 gift 17/-1850 med Eline Olsdtr. Heimdal(Hollen) 1825-1912. Ole Bertel Rasmussen Humborstad 1850-1884,var Husmand m.J.under bruk nr 1-Bruabakken, de fikk 4 barn: Karen Jørgine 1876, til Amerika 1893, Rasmus Olai Albert 1879-1956, han var gm Ragna Nikolaidtr. Aasen f. i Jølster 1900-1988, bosatte seg Bryggja, Vågsøy og tok namnet Bakke, Ragna Elisa Maria 1881-1935 gm Hermann Zeller, Bosatt i Oslo og Anna Johanne 1884. Pauline A. Orheim 1852-1931.

gj08391
Innlegg: 4450
Registrert: 1. januar 2009 kl. 20.12
Sted: GRINDER

Re: Ole Rasmusson Humborstad (?) og Pauline Andersdotter Orh

Legg inn av gj08391 » 9. januar 2016 kl. 6.46

Foreldrene til Rasmus ble antageligvis gift 5 okt. 1881. Se nederst her.
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 6 (1867-1881), Ekteviede 1881, side 243.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-248

dn31163
Innlegg: 2
Registrert: 8. januar 2016 kl. 14.51
Sted: LAUVSTAD

Re: Ole Rasmusson Humborstad (?) og Pauline Andersdotter Orh

Legg inn av dn31163 » 11. januar 2016 kl. 9.37

Oi! Så raske og gode svar! Tusen takk for kjempegod hjelp!

gj06006
Innlegg: 1935
Registrert: 27. desember 2007 kl. 20.40
Sted: OPPHAUG

Re: Ole Rasmusson Humborstad (?) og Pauline Andersdotter Orh

Legg inn av gj06006 » 23. februar 2018 kl. 15.33

Mvh Ann-Mary Engum

Svar

Gå tilbake til «Eid»