Brithe Monsdatter Ormeteig, busett Indre Tunheim, Vanylven

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Brithe Monsdatter Ormeteig, busett Indre Tunheim, Vanylven

Legg inn av gj15561 » 11. oktober 2015 kl. 14.22

Håpar nokon kan gje meg svaret på kven foreldra til Birthe Monsdatter er! Eg trur at ho kan vere datter av Mons Monsen Indre Drage og kona Marthe Rasmusdatter men manglar dessverre bevis for dette!

All informasjon eg har funne i kjeldene er opplista under, og eg håpar at nokon kan klare å finne beviset (eller motbeviset!) eg manglar. Etter det eg kan sjå er det kun ein person blandt fadderane som er direkte i slekt med Birthe.

I 1767 giftar Hans Pedersen og Brithe Monsdatter seg i Selje.
sjå 7 januar
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Kronologisk liste 1767, side 64.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-66

Paret bur trulig ei tid på Teigen i Kjødepollen der dei får sonen Peder i 1770.
sjå 25 juni
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Kronologisk liste 1770, side 85.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-87

Deretter flyttar dei til Ormeteigen og får to søner til - Amund i 1773 og Rasmus i 1775

Amund (sjå 10 febr.). Her står at ei Ragnhild Monsdtr. er mor, men dette må vere feil namn og ho er heller trulig syster til Birthe Monsdtr. (men meir om det seinare!)
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Kronologisk liste 1773, side 105.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-107

Rasmus (sjå 29 mai)
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Kronologisk liste 1775, side 121.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-123

Ved dåpen av Rasmus er ein av fadderarane den tidlegare nemnde Ragnhild Monsdatter, gift og buset på Apildset. Eg antek, men veit ikkje, at ho er syster til Birthe. Eg TRUR at Birthe (og Ragnhild) er born av Mons Monsen Indre Drage og kona hans Marthe Rasmusdatter. Grunnen til det er at dei har ei datter Birthe til dåpen 4/10 1745. Ifølge andre kjelder er det dette året "min" Birthe kan antakast å vere fødd (bl. a. FT 1801). Men eg manglar bevis! (som motvekt kan eg nemne at når Rasmus Monsen Drage døyr er det faren Mons og enka etter Rasmus som arvar. Syskjen av Rasmus er ikkje nemnde i skiftet)

I 1775 døyr so Hans Pedersen og det er halde skifte etter han 18 aug?
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24234/217/

I 1776 giftar Brithe Monsdatter Ormeteigen seg med unkaren Anders Christensen (Tunheimsbøen).
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Ekteviede 1777, side 157.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-153

Paret buset seg fyrst på Ormeteigen og får der totalt fem born,

der sonen Hans (14 aug)
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Fødte og døpte 1777, side 132.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-134

og døtrene Marthe (7. aug ved Schrouder)
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Fødte og døpte 1780, side 138.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-140

og Birthe (5. aug)
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 6 (1782-1806), Fødte og døpte 1787, side 29.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-30

overlever inn i voksen alder og får eigne familiar.

Pernille 1781 (død s.å)
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-145
Christie 1783 (død s.å)
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-19

I 1788 makebytar dei gård med Hans Christensen, broren til Anders, og flyttar til Indre Tunheim 1, Bøen og bur der resten av livet.

I 1801 er paret på Indre Tunheim med sine tre eigne born i tillegg til Birthe sin elste son Peder Hansen. Han i fyste, ho i andre ekteskap.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8411000242

I 1830 vert det halde skifte etter Brit Monsdatter Thunemsbøen

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Søre Sunnmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 10 , 1828-1832, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24582/112/

Her er nemnd borna Hans, Peder, Rasmus (død, og borna hans arvar), Marthe g.m Ole Skjervheim og Birthe g.m Hans Madsen Ytre Tunheim (mine anar). Peder og Rasmus har (feilaktig) fått patronymet Andersen.

Dermed stoppar min viten om ho Brithe Monsdatter. Håpar nokon sit på kunnskap om ho som kan gje svaret på opphavet hennar!

Som ein avsluttande sidenote vil eg nemne at det i sogeboka for Vanylven (bind 1 side 388) feilaktig er skrive at Brithe M.dtr. Ormeteig døyr i 1785 og at Anders skal ha gifta seg oppatt med ei anna Brithe Monsdatter, frå Store Almklov 3. Håpar eg med denne posten iallefall har klara opp i DEN misstydinga!

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Brithe Monsdatter Ormeteig, busett Indre Tunheim, Vanylv

Legg inn av gj09903 » 11. oktober 2015 kl. 18.06

Eg har ikkje noko bevis på noko, men du har kanskje lagt merke til at ved skiftet etter Hans Pedersen i 1775, var Joen Rasmussen Apildset og Ole Rasmussen Berstad mellom formyndarane for sønene til Hans og Brithe. Joen og Ole var brør, og gift med høvesvis Ragnilde Monsdtr. Drage og Marthe Monsdtr. Drage, slik at det kan sjå ut som om du er inne på noko her.

"Di" Brithe Monsdtr. har og ei dotter med namnet Marthe, som ein kunne tenkje seg ved oppkalling etter mormor.

Brithe Monsdtr. Drage var iallefall i live i 1764, då ho var nemnt i skiftet etter morbroren Gunder Rasmussen Borgundholm, som ein av dei tre gjenlevande døtrene til Marthe Rasmusdtr. Drage (Ragnilde, Marthe og Brithe): http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/354/

Elles er eg litt tvilande til at Hans og Brithe skulle ha vore busette i Kjødepollen. Bygdeboka nemner Hans som brukar på Ormeteig frå 1768, og ein av fadrane i 1770, Johannes Danielsen, var brukar i nærliggande Årvik frå 1751. Eg trur mest at det her har vorte nytta Teigen om Ormeteig. I daglegtale vert Ormeteig kalla Teigane: http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegran ... 4043966=on

gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Re: Brithe Monsdatter Ormeteig, busett Indre Tunheim, Vanylv

Legg inn av gj15561 » 11. oktober 2015 kl. 19.44

Takk for hjelpa! Om ikkje direkte bevis so er det iallefall til stor hjelp!

At brørene Joen og Ole Rasmussen var svogerar hadde eg ikkje fått med meg! Såg derimot at Jon var formyndar. Og som nemnt, at Ragnhild Monsdatter Apildset var fadder. Men dette svogerskapet er jo, slik eg ser det, berre med på forsterke inntrykket av at "mi" Berte mest trulig er den same som ho som er nemnd i skiftet etter Gunnar Borgundholm.

Når det gjeld Teigen i Kjødepollen kontra OrmeTeigen so er det vel ikkje mykje tvil i at det er Ormeteigen som var opphaldstaden også i 1770. Gjekk litt raskt fram der! Og rett skal vere rett!

Sum sumarum so meiner eg at eg har nok "bevis" til at eg set eitt strek under svaret. Skiftet etter Gunnar Borgundholm var det som gjer meg overtydd minus. Eg vil sjølvsagt søke vidare for å sjå om det endelige svaret "er der ute"

Alle innspel sjølvsagt mottekne med takk om nokon sit med andre "brikkar" i puslespelet.

Morten

Svar

Gå tilbake til «Selje»