Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Odd Søreide
Innlegg: 13
Registrert: 23. mai 2015 kl. 10.40
Sted: BERGEN

Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Legg inn av Odd Søreide » 23. mai 2015 kl. 11.01

Anne Rasmusdatter (Hollevik) vart gift med Mons Tomassen (Raudebergskår) f. 1781, gift 26.07.1807 (kirkebøker). Eg klarar ikkje å identifisere Anne; det er 3 mogelege alternativ. Bl.a. Anne Marthe Pasmussen, f 1784, Kvalheim. Står heilt fast.

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Legg inn av dn03738 » 23. mai 2015 kl. 14.56

Anne var enke:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 7 (1807-1816), Ekteviede 1807-1808, side 121.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-23
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640349.jpg

Kan dette vere ho i 1801?
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8406001697
-- då gift med Jakob Jensson Hollevik.

gj00900
Innlegg: 299
Registrert: 3. mars 2005 kl. 13.28
Sted: FYLLINGSDALEN

Re: Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Legg inn av gj00900 » 24. mai 2015 kl. 11.33

Hun var fra Holevik og er døpt 22/8-1764 av forældre Rasmus Olsen Vaage død 1767 og Brithe Jensdatter død 77 aar 1799 iflg BB, i skiftet i 1767 er to døttre nemnd Oline 5 aar og Anne 2 aar.

Odd Søreide
Innlegg: 13
Registrert: 23. mai 2015 kl. 10.40
Sted: BERGEN

Re: Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Legg inn av Odd Søreide » 25. mai 2015 kl. 16.59

Det er ikkje ho i folketelling 1801, ho står der som gift i 1. ekteskap. Ho var gift med Mons Tomassen Raudebergskår, og dei vart gift i 1807.

Odd Søreide
Innlegg: 13
Registrert: 23. mai 2015 kl. 10.40
Sted: BERGEN

Re: Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Legg inn av Odd Søreide » 25. mai 2015 kl. 17.22

Eg trur ikkje det stemmer. Ho vart gift i 1807 (dermed 43 år), fekk eit barn i 1809 (45 år). På den tida lite sannsynleg trur eg.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Legg inn av gj09903 » 25. mai 2015 kl. 17.31

Det er same dama som står som gift med Jacob Jensen i FT1801. Ved skiftet etter Anna Rasmusdtr. Hollevik i 1823, vert ektemannen Mons Thomasen nemnt. Det vert og nemnt 9 born. Opplysningane skiftet gjev om borna er som følger:

1) Rasmus Jacobsen, fullmyndig og bur på garden
2) Jacob Jacobsen, 17 år gl.
3) Ales Jacobsdtr., g.m. Lars Olsen Degnepold
4) Brithe Jacobsdtr., g.m. Jacob Jacobsen Waage
5) Christi Jacobsdtr., g.m. Anders Ingebrigtsen Hals
6) Anne Jacobsdtr., g.m. Hans Jacobsen Hollevig
7) Else Jacobsdtr., 23 år gl.
8) Ane Laurentze Jacobsdtr., 20 år gl.
9) Marthe Monsdtr., 13 år gl.

Lenke til skiftet: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24246/29/

Odd Søreide
Innlegg: 13
Registrert: 23. mai 2015 kl. 10.40
Sted: BERGEN

Re: Kven er Anne Rasmusdatter (Hollevik).

Legg inn av Odd Søreide » 26. mai 2015 kl. 9.53

Takk fro svar. Eg trur dette løyste floka. Eg sleit lenge med skifteprotokollen fordi ektemannen Mons (som er den som er i rett linje i mi slekt) først døydde i 1837. Løysinga ligg i namna i skifteprotokollen der dei fleste borna har etternamnet Jacob...., medan Marthe (som er i mi interesse) har etternamnet Monsdtr.

Anne døydde i 1822, 56 år gamal. (Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-102 Permanent bildelenke: <http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515640467.jpg>).

I FT for 1801 er ho 37 år. Det betyr at ho må vere fødd 1764-1766 (+/- eit par år). Den einaste eg finn i dette tidsrommet med farsnamnet Rasmus er Ane, f 1764, døpt 22. aug 1764. (Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Kronologisk liste 1764, side 37. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-39 Permanent bildelenke: <http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515640022.jpg>). Foreldre: Rasmus og Brite Hollevig.

Sett i samanheng: Anne var først gift med Jacob Jensen. Han døydde i 1805. Ho gifta seg så med Mons Tomassen Raudebergskår i 1807 og fekk dottera Marte i 1809. Eg stussar likevel litt over at ho var så pass gamal då ho fekk Marte (45 år), det var ikkje vanleg då (heller ikkje nå). Men anna forklaring finn eg ikkje.

Det mest usikre nå er foreldra til Anne Rasmusdtr.

Svar

Gå tilbake til «Vågsøy»