husmannen Hans Jensen Vemmelsvik - Opphav og dødsfall?

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

husmannen Hans Jensen Vemmelsvik - Opphav og dødsfall?

Legg inn av gj15561 » 30. oktober 2013 kl. 19.15

Forsøker å finne ut kvar (husmannen) Hans Jensen Vemmelsvik har opphavet sitt. Eg er også svært interessert i å finne eit evt. dødsfall på han.

20 febr. 1764 trulovar paret Hans Jens. Vinmaalsvig og Ane AbelsD. seg i Selje. (gift same året)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 5 (1760-1782), Kronologisk liste 1764, side 39.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-41

Busett i Vemmelsvik får han og kona Ane i tidsromet 1766-79 fire born: Borni f. og d. 1766, Borni f. 1769, Jens f. 1772 og Axel f. 1779. Dessverre ingen "tips" blant fadderane for borna - so langt eg kan sjå iallefall!

I 1801 finn ein att Hans og Ane som jordlause husmannsfolk under garden Rødeggen.
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... 1405#nedre

Hans vert 66 år og Ane 64 år. Her finn ein også att sonen Axel Hansen som tjenestedreng for Mons Hansen.

Eg har grunn til å tru at Hans Jensen Myklebust f. 1732 i Davik ikkje er "min" Hans.

Håpar nokon kan hjelpe meg med dette.

mvh
Morten Sylte

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: husmannen Hans Jensen Vemmelsvik - Opphav og dødsfall?

Legg inn av gj09903 » 30. oktober 2013 kl. 20.36

Her er iallfall eit interessant skifte frå 1763 etter ekteparet Jens Jørgensen og Borni Hansdtr. i Vemmelsvik: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/173/
Mellom borna er ein Hans Jensen (29 år). Søstera Lucretzia Jensdtr. var gift med Erich Andersen Angelshaug, som var ein av truloverane då din Hans Jensen gifte seg.

Jens Jørgensen Kroken og Borni Hansdtr. Vemmelsvik vart trulova i 1727 og gifte året etter:
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 1 (1710-1742), Trolovede 1727, side 24.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-24

gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Re: husmannen Hans Jensen Vemmelsvik - Opphav og dødsfall?

Legg inn av gj15561 » 30. oktober 2013 kl. 21.10

Må innrømme eg hadde oversett det skiftet der! Svært greitt når ein kan få nye auge på saken.

Takk for hjelpa, Inge.

Svar

Gå tilbake til «Vågsøy»