GARD I NAUSTDAL VED NAMN SÆLA

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj05456
Innlegg: 2
Registrert: 26. august 2007 kl. 12.42
Sted: SøRBøVåG

GARD I NAUSTDAL VED NAMN SÆLA

Legg inn av gj05456 » 26. august 2007 kl. 12.51

hei.
Finnes det nokon som kan hjelpe meg med å finne en gard ved namn sæla i naustdal?
Min bestemor bodde i fosterheim der hjå Anna og Per. Etternamn er ukjend.Fosterforeldra hadde ingen barn selv.
Bestemora mi heiter Helga Marie Gjervik født 13.04.19. Ho kom i fra den tidlegere Askvoll kommune. I 1941 gifte ho seg med Knut Ulvik på Sørbøvåg i Hyllestad.

Det eg ønsker å finne er bilder fra barndommen og skulegang og konfirmasjon. Kan noen hjelpe meg på veg?
Har ikkje funne noe nokon plass.
KARI

Odd Ivar Lunde
Innlegg: 63
Registrert: 21. mai 2006 kl. 18.36
Sted: STRYN

Re: GARD I NAUSTDAL VED NAMN SÆLA

Legg inn av Odd Ivar Lunde » 26. august 2007 kl. 22.23

Digitalarkivet, folketellinger 1900.
Naustdal kommune.Her er ein gard som heiter Sæle.
G.nr.96. Kan det vere denne.

Odd.

Jon Sværen
Innlegg: 327
Registrert: 28. januar 2006 kl. 21.42
Sted: BERGEN

Re: GARD I NAUSTDAL VED NAMN SÆLA

Legg inn av Jon Sværen » 4. september 2007 kl. 0.37

Kari Hilde !

Har du prøvd biletarkivet til Fylkesarkivet i SF ?

Der finn du bl.a. besteforeldra dine som brudepar: SFFf-1994133.0008

Bestefar din f. 1917 i år 1920-21 er fint pynta med knebukser, lærstøvlar og jakke med matroskrage.

Barnedåpen til Sigrid Jenny Ulvik i 1941.

Sjølv synest EG at bibloteka i komunane i Norge er svært hjelpsomme. Kvifor ikkje spyrja bibloteket per tlf / brev ?

dn18868
Innlegg: 137
Registrert: 11. mars 2005 kl. 11.13
Sted: SANDEFJORD

Re: GARD I NAUSTDAL VED NAMN SÆLA

Legg inn av dn18868 » 4. september 2007 kl. 15.56

Hei,

Her er dåpen til Helga Marie f.1919 døpt 11.10.1919
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-26

Her er dåpen til ei søster Magnild Tordis f.1920 døpt 15.6.1921
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-34

Her gifter Helga Mari seg i 1941
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-65

Som du ser vedr.giftermålet er Helga Marie konfirmert i Naustdal i 1933.

Det er sikkert noen med bygdebøker for det aktuelle området, som kan fortelle mer
om personene som bestemora de bodde hos.

Vennlig hilsen
Bjørg Korsvoll

dn10366
Innlegg: 6
Registrert: 25. mars 2006 kl. 20.23
Sted: NAUSTDAL

Re: GARD I NAUSTDAL VED NAMN SÆLA

Legg inn av dn10366 » 3. november 2007 kl. 20.48

Hei Kari Hilde Ulvik.
Eg veit ikkje om eg kan hjelpe deg med dei opplysningane du har lagt inn. Per Sæla var min onkel, mor mi var fødd på Sæla. Dessverre kan eg ikkje hugse at Per og Anna hadde eit fosterbarn. I min barndom vitja eg Sæla ganske ofte men kan som sagt ikkje minnast eit fosterbarn der. Per og Anna hadde ofte tenestegjenter det veit eg. Men for sikkerheitsskuld skal eg kontakte folk som er eldre enn eg, sjølv om det minkar på dei. Derimot hadde foreldra til Per eit fosterbarn som heitte Bergitte Sæla, ho vaks opp saman med mor mi på Sæla gard nr. 96, bruk nr. 5. Det heitte at mor til Birgitte tok livet av mannen sin med gift. Birgitte er ikkje oppført i bygdebok for Naustdal men eg veit at ho busette seg i Lærdal. Dersom vi viste farsnamnet til bestemor di kunne vi leite på Fylkesarkivet, det kan og tenkast at ein finn personane på digitalarkivet. Det er det eg kan hjelpe med så langt.
Inge Fitje

gj05456
Innlegg: 2
Registrert: 26. august 2007 kl. 12.42
Sted: SøRBøVåG

Re: GARD I NAUSTDAL VED NAMN SÆLA

Legg inn av gj05456 » 15. november 2007 kl. 21.28

Heisann Inge.
Tusen hjarteleg for at du tok kontakt.
Far til Helga hette Henrik Olai Gjervik. Han reiste til Amerika og skifta etternamn til Knudsen(etternamnet til faren: Karl otto Knudsen Vatnøy)
Mor til Helga hette Malene Gjervik. Ho var født Aase.
Foreldra hennes hette Ola og Inger Aase. Dei stammer fra Naustdal.
Har fått vite i etterkant at enten Per eller Anna var i fjern slekt med Malene.
Er ikkje sikker på om det står i papirene at Helga var fosterbarn hjå Per og Anna men søstera til Malene (inga) lurte Helga med seg på ferie og gav ho til Per og Anna. Dagens ord er vel kidnapping.
Helga er desverre død nå. Ho dø nå i oktober. 88 år gammel.
Ho fortalde meg litt før ho dø, men tanta mi har vært snill og fortalt meg det ho viste.
Bestemor Helga hadde det vist nok ikkje så godt. Jobbet og slet dagen lang. Var på setra og melket kvar dag.Ho fortalde at når ho skulle til skulen så måtte ho gå forbi Mallasvik garden. Eller setra, er litt usikker på om det var garden eller setra.
Det hadde vært kjekt å finne mer ut av denne saken.
Hilsen Kari Hilde

Svar

Gå tilbake til «Naustdal»