Truls O. Mallasvika, Rasmus O. Kringla: slekt på Horne 1796?

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Truls O. Mallasvika, Rasmus O. Kringla: slekt på Horne 1796?

Legg inn av dn07176 » 28. mai 2012 kl. 17.27

Hei,
Håper nokon kan hjelpe meg litt med eit lite problem eg har i Naustdal her... Det gjeld skifte etter Ole Pedersson Husefest i Bremanger 28. Juli 1796 (heilt til høgre). Han var frå Horne og gift med ei Alette Olsdotter av ukjent opphav. I skiftet er arvingane lista:

Arvinger:
1. Sønnen Peder Olsen, 12 aar gl.
Wærge Truls Pedersen Horne
2. Sønnen Søren Olsen, 9 aar gl.
Wærge Truls Olsen Mallevig
3. Sønnen Ole Olsen, 7 aar gl.
Wærge Rasmus Olsen Kringlen
4. Datteren Anne Olsdatter i Bergens Hospital.


Fyrste verge er bror til Ole Pedersson på Horne. Mallasvika og Kringla er nabogardar lenger inne i fjorden, og eg lurer litt på samanhengen. Truls-namnet kan tyde på at det kan vere familie med folket på Horne, medan begge ut frå patronymikon kan vere brør til Alette.

Eg finn ein Truls Olsson på "Hellevig" i Naustdal i 1801. Denne garden er nemnt i listene mellom Sæla og Kringla på eine sida og Jonstad og Skei på andre sida. Garden mellom her heiter no Mallasvika (kart) og stemmer med namnet frå skiftet. Er dette same garden som "Hellevig"?

Dersom nokon har tilgang til bygdaboka for Naustdal, er det noko der som kan bekrefte noko slektskap mellom folka på Kringla/Mallasvika og Horne evt. Alette Olsdotter?


Kjelder
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 10 , 1787-1798, oppb: Statsarkivet i Bergen.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24197/521/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 680522.jpg

FT1801, "Kringlen" i Naustdal: http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/We ... 2334#nedre

FT1801, "Hellevig" i Naustdal: http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/We ... 2335#nedre

FT1801, "Huusefest" i Bremanger: http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/We ... 2675#nedre

Johan Arthur Hansen
Innlegg: 1404
Registrert: 28. februar 2005 kl. 17.17
Sted: HAUGESUND

Re: Truls O. Mallasvika, Rasmus O. Kringla: slekt på Horne 1

Legg inn av Johan Arthur Hansen » 28. mai 2012 kl. 17.54

Jeg kan legge inn ei side fra Naustdal bygdebok - Horne. Kanskje der kan være noe?
Mvh. Johan Arthur Hansen
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Truls O. Mallasvika, Rasmus O. Kringla: slekt på Horne 1

Legg inn av dn07176 » 28. mai 2012 kl. 18.17

Hei, og takk :)

Eg har studert Horne i Naustdalsboka ein gong før - meiner det var ein tråd her på forumet(*) som nøsta opp i sambandet mellom Ole Pedersson på husefest og Horne i si tid. Eg hadde ikkje studert dette skiftet så godt da, så eg tok ikkje notis av kva som evt. står under Kringla eller Mallasvika/Hellevik...

Tillegg: (*) Denne tidlegare tråden var på Brukarforumet til Digitalarkivet, og eg ser du var aktivt med der òg :)

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Truls O. Mallasvika, Rasmus O. Kringla: slekt på Horne 1

Legg inn av dn07176 » 28. mai 2012 kl. 18.49

Har rota i arkivene på brukarforumet og fann denne gamle diskusjonen med følgjande frå Naustdalsboka bind I, side 712-713:
Ola Trulsson f. kr. 1715, truleg frå Naustdal, d. 1777 i Mallasvika.
Gift 1743 med Synneva Trulsdotter f. kr. 1707 i Mallasvika. d. 1782 i Mallasvika.
Born:
a. Synneva f. kr. 1744, d. 1750 i Mallasvika
b. Truls f. 1746, d. 1820, neste Brukar.
c. Alet f. 1750.
d. Rakel f. 1755

Ut frå dette ser det ut til at vergen Truls Olsson Mallasvika var bror av Alet Olsdotter. No står det berre att å plassere Rasmus Kringla :)

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Truls O. Mallasvika, Rasmus O. Kringla: slekt på Horne 1

Legg inn av gj09903 » 28. mai 2012 kl. 19.43

Hei!

Ifylgje skiftet etter Ole Trulssen Mallasvik var Rasmus Olsen Kringlen gift med Rachel Olsdtr. og dermed svogeren til Alet Olsdtr.: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24203/420/

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Truls O. Mallasvika, Rasmus O. Kringla: slekt på Horne 1

Legg inn av dn07176 » 28. mai 2012 kl. 20.35

Takk skal du ha - der var siste biten i puslespelet på plass :)

Svar

Gå tilbake til «Naustdal»