Foreldre til Johanne Berthea Knutsdatter f. 1821 i Hellevik

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Foreldre til Johanne Berthea Knutsdatter f. 1821 i Hellevik

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 28. november 2008 kl. 16.25

Hei :)

No treng eg moralsk støtte her. I ein tidligare post her 4. nov 2008 under tyding av kirkebok i Fjaler, fekk eg stadfesta at foreldrene til Johanne Berthea var Knut Pedersen og Johanne Andersdatter busatt Hellevik.

Difor lånte eg bygdebok for Fjaler, Holmedal sokn for å finna fleire forfedre. Men nei då, så enkelt var det ikkje :roll: . Under garden Hellevik , husmannsplass Nybø, fann eg Knut Pederson som gifta seg i 1810 med Johanne Cecilie Andersdatter.
Men born som er nevnt er: Petrine f. 1812, Anne Johanne f. 1817 og Jens f. 1825. Johanne Berthea hadde glidd fint inn mellom 1817 og 1825 :wink: . Eg reknar det som svært sannsynlig at det er same foreldrene, men heilt sikker er ein jo ikkje. Er det noken som har synspunkt på dette?

Johanne Bertheas dåp nr. 19.

www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8831&idx_id=8831&uid=ny&idx_side=-3


Mvh
Anne Lisbeth

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Foreldre til Johanne Berthea Knutsdatter f. 1821 i Helle

Legg inn av 19879 » 12. desember 2008 kl. 17.28

Hei!
Kvifor er du usikker? Johanne Bertine er dpt.0110 1821,som du har funne,og foreldra er Knut og Johanne Hellevig. Det burde vere greitt nok,eller kva?
Mvh Einar

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: Foreldre til Johanne Berthea Knutsdatter f. 1821 i Helle

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 12. desember 2008 kl. 17.37

Hei :)

Jo takk for svar. greitt nok er det nok, men problemet var at når eg bestillte bygdebok og skulle få bekrefta /finna ut meir om ho og foreldrene, så var ho ikkje nevnt i bygdeboka. Og det har eg opplevd før og. Det er litt frustrerande.

Men takk igjen og ha ei fin adventstid :)

Mvh
Anne Lisbeth

15008
Innlegg: 8
Registrert: 8. februar 2005 kl. 23.25
Sted: SØRBØVÅG

Re: Foreldre til Johanne Berthea Knutsdatter f. 1821 i Helle

Legg inn av 15008 » 27. januar 2012 kl. 19.51

Hei Anne Lisbeth
Far til Knut Pedersen var Peder Jenson Ålhus frå Jølster. Han kjøpte garden Hellevik i 1802.
var født 1758 og g.m. Gjertrud Nilsdtr. Ålhus i Jølster. f. 1742.
Knut Pedersen Hellevik var f. 1785 på Ålhus i Jølster. gift med Johanne Cecilie Andersdatter 1792 på Jølster trulig Ålhus. Knut død 1868 og Johanne Cecilie død 1866. Knut fekk Nybøen og litt av Hellevik gard av far sin. Knut kjem inn mi slekt på mi bestemor.
Sjå side 284, 285, 293 og 294. i Fjaler Gards og Ættesoge, Holmedal sokn.

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: Foreldre til Johanne Berthea Knutsdatter f. 1821 i Helle

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 10. mai 2014 kl. 19.45

Hjertelig takk til Torgeir Salbu for denne oppklaringa. Nå løyste du eit stort problem for meg. :D

PS! Beklager at du ikkje har fått svar frå meg før, men eg har vore vekke frå slektsforskning ei stund.
Mvh
Anne Lisbeth

Svar

Gå tilbake til «Fjaler»