Elling Monson Lie

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj13588
Innlegg: 412
Registrert: 21. mars 2011 kl. 14.07
Sted: BErgen

Elling Monson Lie

Legg inn av gj13588 » 31. januar 2013 kl. 11.39

Eg har spora opp ein Elling Monson Lie i Manger, som far til Willum Ellingsen. Her er dåpen til Willum:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=350#ovre

Det store spørsmålet er: Kvar ligg garden Lie? Eg trur garden Elling Monson bur på også er omtala som Nordre Lie. Er det Li som ligg mellom Gardviki og Rinndalen?

takksam, Bjarte

Johan Ludvig Kvamme
Innlegg: 84
Registrert: 23. desember 2004 kl. 14.12
Sted: BERGEN

Re: Elling Monson Lie

Legg inn av Johan Ludvig Kvamme » 1. februar 2013 kl. 9.30

I bygdebok for Radøy står Under gården Li: Garden Li ligg i bakkane på vestsida av Hallandsvatnet. Mot aust følgjer gardsgrensa dette langstrekte vatnet. I sør grensar garden til utmarka til Kolås, og mot vest går grensa mot Solend, Nøttveit og Morken. Hovudvegen frå Marås svingar seg opp bakkane på Li, over Solendfjellet og vidare mot kommunesenteret Manger. Li er delt i to matrikkelgardar, Sørli og Nordli.

mvh.
Johan Ludvig Kvamme

gj13588
Innlegg: 412
Registrert: 21. mars 2011 kl. 14.07
Sted: BErgen

Re: Elling Monson Lie

Legg inn av gj13588 » 1. februar 2013 kl. 21.23

Mange takk. Kva band er dette?

Bjarte

Svar

Gå tilbake til «Lindås»