Anna Johannesdtr. Bruvik d.1805

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj06383
Innlegg: 7
Registrert: 19. februar 2008 kl. 23.05
Sted: OSLO

Anna Johannesdtr. Bruvik d.1805

Legg inn av gj06383 » 19. februar 2008 kl. 23.21

Eg treng hjelp til å finna ut når og kvar Anna Johannesdtr. er født og kva foreldra hennar heiter.

Det eg har funne så langt er at Anna Johannesdtr. vart gift i 1795 i Brudvigs Sogn med Johannes Monssen. I Ministerialboka står det at han er frå Skafthun og ho frå Brudvig.

Vidare har eg funne at dei i 1804 fekk tippoldefar min Mons og at familien då budde på garden Hartveit i Gjerstad Sogn.

Til slutt har eg funne at Anna vart gravlagd i 1805 i ein alder av 38 år og at familien framleis budde på Hartveit.

Eg har så langt ikkje klart å finna nokon Anna Johannesdtr. som er født på garden Brudvig i det aktuelle tidsrommet. Det næraste eg kjem er ei Anna Johannesdtr. som er født i Brudvigs Sogn i 1766 av foreldre Johannes Hekland og Christie Olsdtr. Det kan jo tenkjast at foreldra har flytta frå garden Hekland og til Brudvig etter at Anna vart født og før ho vart gift, men det er berre ein laus teori frå mi side!

Lurer på om nokon kan kikka i bygdeboka og sjå kva det står der!

Brukeravatar
dn20990
Innlegg: 1706
Registrert: 13. januar 2007 kl. 18.53
Sted: BERGEN

Re: Anna Johannesdtr. Bruvik d.1805

Legg inn av dn20990 » 19. februar 2008 kl. 23.51

Du har kanskje sjekket folketellingen 1801, der er iallefall en oversikt over dem som bodde på Brudvik i 1801. Av de du nevner er iallefall Christi Olsdtr. (67 år)
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... k=111#ovre
Og her er Anna og Johannes på Hartvedt:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... rk=61#ovre
Kanskje ikke så mye å komme videre med, men folketellingen antyder at Anna var født omkring 1768-69

vh
leif erik otterå

gj06383
Innlegg: 7
Registrert: 19. februar 2008 kl. 23.05
Sted: OSLO

Re: Anna Johannesdtr. Bruvik d.1805

Legg inn av gj06383 » 19. februar 2008 kl. 23.58

Eg har også sete og pusla med desse folketeljingane.

Den hypotesen eg har er at Dorta Johannesdtr. som bur på Brudvig kan vera syster til Anna Johannesdtr. som bur på Hartveit.

Det ville passa bra med at Johannes Halsteensen Hekland og Christi Olsdtr. er foreldra til mi Anna, for Christi Olsdtr. står i folketeljinga oppført som mor til Dorta.

Men det vert liksom ikkje noko meir enn ein teori...

PS: Takk for at du synte interesse! Eg tek imot alle tips med takk!

dn05571
Innlegg: 311
Registrert: 21. desember 2004 kl. 0.11
Sted: BERGEN

Re: Anna Johannesdtr. Bruvik d.1805

Legg inn av dn05571 » 20. februar 2008 kl. 13.20

Hei Magnus!
Johannes Hallsteinsson fikk skøyte på gården på Hekland våren 1766. 30.mai 1766 brant alle husene ned. Han fikk økonomiske vansker(Side 88 i Vaksdal bind 1 ). Høsten 1767 flyttet han til Ytre Bruvik bnr. 6. (Side 119 i bygdebok for Vaksdal bind 1). I 1782 fikk Johannes kår på gården hos svigersønnen Eirik Olsson Fossmark. Han var gift med Dorthea f. 1759, altså Ytre Bruvik bnr. 6. Anna er ikke med i oversikten over barn i bygdeboka. I bygdebok for Gjerstad er familien Johannes nr 42 på side 329. Johannes Monsson Skaftå 1776-1830. Anna Johannesdatter Bruvik 1767-1895. Han gifter seg igjen med Marta Andersdatter Skaftå 1787-1847 i 1806 og får Anders f 1809 og Anna 1810-1908.
Marta får 6 barn i neste ekteskap med Anders Person Vedo. Gift i 1833.

gj06383
Innlegg: 7
Registrert: 19. februar 2008 kl. 23.05
Sted: OSLO

Re: Anna Johannesdtr. Bruvik d.1805

Legg inn av gj06383 » 20. februar 2008 kl. 13.55

Takk for nyttig informasjon!

Då stemde teorien min om at Johannes og Christi flytta frå Hekland til Bruvik!

Men det er noko rart her sidan du seier at Anna ikkje er oppført som eit av deira born, for kyrkjeboka nemner ei Anna som er dotter til Johannes Hekland og Christi Olsdtr. Ho vart døypt i 1766, så det må ha vore midt i brann og flytting.

Eg tenkjer at enten har denne Anna i kyrkjebøkene døydd som born, eller så har ho falt ut or ættesoga og eg er kanskje på rett veg likevel!

Svar

Gå tilbake til «Vaksdal»