Isak Jacobsen 1682 Kinsarvik

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Else Egeland
Innlegg: 302
Registrert: 6. juli 2011 kl. 22.28
Sted: FANA
Kontakt:

Isak Jacobsen 1682 Kinsarvik

Legg inn av Else Egeland » 27. april 2012 kl. 19.26

Han er døpt 20 Aug 1682.
https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWP4-SHW

Jeg lurer på om det er han som dukker opp i Bergen et par og tyve år etterpå, gift med Elin Gunnersdatter? Praktfullt om noen kan hjelpe.

Hilsen Else

Jon Folkedal
Innlegg: 8
Registrert: 30. januar 2005 kl. 22.38
Sted: OSLO
Kontakt:

Re: Isak Jacobsen 1682 Kinsarvik

Legg inn av Jon Folkedal » 28. april 2012 kl. 9.26

Du kan finne informasjon om ein Isak Jakobson (Bråvoll) f. 1682 i Kinsarvik i bygdeboka til Kolltveit, band 5/II. Han er nemnd på siden 287, 410 og 412.

Denne Isak Jakobson var son til Jakob Larsson Hus (f. 1640-) og Ingrid Torsteinsdtr (f. ????-), namnet på kona stemmer ikkje med opplysningane i Familysearch, men kan vere feil i bygdeboka. Ifylgje bygdeboka vart Isak gift med Ingebjørg Olsdtr (Midnes) (f. 1682-1768) i 1723 i Kinsarvik kyrkje. Dei hadde 7 born. Ifylgje bygdeboka døydde Isak på Midnes i 1762.

Det kan vere at Isak var gift tidlegare, men det seier ikkje bygdeboka noko om. Finn heller ikkje noko informasjon om kvar Isak hadde opphald i tida før han gifte seg 41 år gamal. Det er ikkje utenkjeleg at han har hatt opphald i Bergen.

Med helsing Jon

Else Egeland
Innlegg: 302
Registrert: 6. juli 2011 kl. 22.28
Sted: FANA
Kontakt:

Re: Isak Jacobsen 1682 Kinsarvik

Legg inn av Else Egeland » 28. april 2012 kl. 12.41

Tusen takk for svar!

Else

Bjarne Hauge
Innlegg: 89
Registrert: 3. desember 2010 kl. 10.52
Sted: ÅRLAND

Re: Isak Jacobsen 1682 Kinsarvik

Legg inn av Bjarne Hauge » 29. april 2012 kl. 10.50

Isak Jakobson 1682 -, frå Hus i Kinsarvik.
Du kan og finna han i Ættar-bok for Kinsarvik av Aam. Bu, utgjeve 1931.
Side 91 er Jakob Larsson Hus ca 1642 -, g 1. m Ingrid Torsteinsdtr
Jakob var g 2. gong 1691 m Ragnhild Larsdtr. Gifteåret 1691 må vera feilskrive, truleg 1681
Jakob hadde 7 born m Ingrid, og det sjuande, Sigvor var døypt 5. jan. 1681, mor Ingrid.
Då Isak vart døypt 20. aug. 1682, var mor hans Ragnhild Larsdtr.
Isak Jakobson vart g 1723 m Ingebjørg Olavsdtr Midtnes (side 171).
Dei hadde 7 born, og då Isak døydde 1762 levde 6 av borna (eldste sonen Jakob var død 1758).
Kva Isak gjorde før han vart gift 1723 nemner ikkje Aa Bu heller, men om han hadde born
frå eit tidlegare ekteskap, ville vel dei og vera nemnde i skifte etter han.

Med helsing Bjarne Hauge

Svar

Gå tilbake til «Ullensvang»