Johan Laurits Galtung (1646-1721) og kone Leganger? Lind?

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Johan Laurits Galtung (1646-1721) og kone Leganger? Lind?

Legg inn av gj12483 » 20. juni 2018 kl. 21.01

Svært mange slektstre der ute seier at Johan Laurits Galtung (1646-1721) frå Torsnes i Jondal var gift med Margreta Pedersdotter Leganger, dotter til sokneprest Peder Erikson Leganger på Hå i Rogaland. Nokre få foreslår slektsnamnet Lind. Eg har ikkje funne nokon som siterer kjelder.

No har eg sjekka bygdeboka frå Hå (Bind 1 Nærbø), og der har Peder Leganger seks born, ingen gift med Johan Galtung og ingen som heiter Margreta. Jan Tuxen (http://www.tuxen.info/leganger.pdf) har heller ingen Margreta, og han ser ut til å vera grundig med kjeldene sine.

Er der nokon som har informasjon eller kjelder som kan underbyggja eller forklara denne populære påstanden eller ei alternativ hustru?

Der var òg ei Margreta Pedersdotter Lind, men ho var etter bygdebøkene for Hå og for Time, gift med Tjøl Obrestad i Hå. Ho var dotter til Peder Kristensson Lind, sokneprest til Lye, og sonedotter til Kristen Lauritsson Lind, sokneprest til Hå. Ho hadde ei syster, Maren, som var gift med «ein i Farsund», (Time bygdebok), og ihht. Roskilde Historie (http://www.roskildehistorie.dk/stamtavl ... senere.htm) var Johan Galtung fødd i Farsund.

Idéar? Kjelder?
TIA

gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Re: Johan Laurits Galtung (1646-1721) og kone Leganger? Lind

Legg inn av gj12483 » 20. juni 2018 kl. 21.59

OK. Eg fann det likevel. Lampe bind I har Margrethe i tillegg til dei seks borna i bygdeboka for Hå. Der er òg Peder Leganger og Karen Lind gift åtte år tidlegare, i 1669.

Men om nokon har fleire kjelder, so er eg stadig lysten på fleire :-)

Svar

Gå tilbake til «Jondal»